Så langt har meir enn 80 selskap henta ut konkurransedokumenta. Selskapa som har henta ut dokumentasjon er frå norsk entreprenørbransje, konsulentselskap og advokatar. Internasjonale entreprenørselskap viser òg interesse.

Tid: Tysdag 21. januar klokka 12:00‒15:00         

Stad: Quality Hotel Edvard Grieg, Sandsliåsen 50, 5254 Bergen

Informasjonsmøtet er ope for pressa. Dersom pressa ynskjer å delta ber vi dei kontakte Linn Christin Rebnord på e-post linn.christin.rebnord@vegvesen.no

Om prosjektet

Sotrasambandet er Noregs største enkeltståande samferdslekontrakt. Tilbodsgrunnlaget for OPS-kontrakten vart sendt ut i marknaden via Doffin rett før jul. Fristen for å melde interesse for kontrakten om Sotrasambandet er 28. februar. Då skal alle interessentar ha sendt inn dokumentasjon på at dei fyller kvalifikasjonskrava. Etter gjennomgang av kvalifikasjonar, vil Statens vegvesen gå i forhandlingar med tre interessentar. Dette skjer før sommaren 2020. Kontrakten skal etter planen vere signert i 2021.

Når det står ferdig vil nytt Sotrasamband få ny firefelts motorveg, eigne felt for kollektivtrafikk, samt gang- og sykkelvegar. I prosjektet inngår 28 bruer, 22 portalar og fire toløpstunnelar. 

Kontaktperson:

Prosjektleiar i Statens vegvesen Arve Tjønn Rinde, telefon 930 31 874