Bussveien er eit av dei største samferdsleprosjekta i Rogaland og blir Europas lengste bussvei. Til saman 26 strekningar på totalt 50 kilometer utgjer Bussveien-prosjektet.

Nokre strekningar er bygd, andre er under bygging eller planlegging. Når alt er ferdig har Nord-Jæren ei høgkvalitets kollektivløysing som:

  • går i eigne trasear
  • er køfritt
  • har full prioritet i kryss
  • har moderne og komfortable bussar
  • har forutsigbar reisetid
  • er miljøvenleg
  • har hyppige avgangar
  • har sanntidsinformasjon på haldeplassar
  • går der mange bur eller arbeidar