Målet med prosjektet har vore redusert reisetid mellom Os og Bergen og redusert kø i Laguneområdet og Skjoldskiftet. I tillegg til at bebuare i Osvegen i vil oppleve ein betring i nærmiljøet sitt når trafikken blir ført over på ny E39. Ny veg gir ei redusert reisetid mellom Bergen og Os på om lag 17 minutt.


Siste nytt:

Bli med å kjøre E39 Svegatjørn-Rådal

Video som tar deg med gjennom det nye vegsystemet E39 Svegatjørn–Rådal fra syd til nord. Video: Varde film, Statens vegvesen.

Utbygjinga starta ved Svegatjørn i Os til Rådalen i Bergen. Prosjektet omfatta også ny fylkesveg frå kryss i Endalausmarka til Åsenvegen.

Vegen er bygd som firefelts motorveg. Tunnellengda er på tilsaman 14,7 km - av total veglengde på 17,7 km. Den lengste tunnelen er den 9,3 km lange Lyshorntunnelen mellom Endalausmarka og Rådal.

Skogafjellstunnelen på 1,5 km ligg lengst sør på veganlegget, mellom Svegatjørn og Endalausmarka. I Endalausmarka er det bygd ein ny fylkesvegarm på 1,1 km som knyt E39 til Lyseklostervegen og nye næringsområde. Dagsona gjennom Endalausmarka er på 1,1 km, og ender opp i Lyshorntunnelen i nordenden av marka.

Lyshorntunnelen kjem i nord ut i Rådal, med ei kort dagsone og kryssområde på 200 meters lengde. Vidare nordover går E39 gjennom den 2,2 km lange Råtunnelen. Denne tunnelen kjem i fjellet vest for dagens vegsystem forbi Rådal og Laguneparken. Ny vegline held fram til dagens rv. 580 sør for Troldhaugtunnelen.

Dagens rv. 580 er også lagt i tunnel mellom Sørås og Skeievatn, med nytt kryssområde på Flyplassvegen ved Skeievatn.
Det blir bygd toplanskryss – kryss i to høgder - i alle dagsonene mellom Svegatjørn og Rådal.

Vegen opna 31. oktober 2022.

E39 Svegatjørn-Rådal er overført frå Statens vegvesen Utbygjing til Statens vegvesen Drift og vedlikehald. Spørsmål vedrørande drift, kan rettast til Vegtrafikksentral vest – telefon 175.

Vei:
E39
Fase:
Åpnet
Kommuner:
Bergen, Bjørnafjorden
Fylker:
Vestland
Lengde:
16 250 meter ny E39
Omfang:
Totalt 18 000 meter hovudveg, 1 300 meter ny fylkesveg med gang- og sykkelveg.
Finansiering:
Bompenger, Stat
Nasjonal transportplan:
Omtalt i NTP 2010-2019
Totalkostnad:
9 685 mill. 2021-kroner, jamfør Prop 1 S 2021-2022.
Oppstart:
2015
Antatt åpnet:
Oktober 2022

Området. © NVDB, Geovekst, kommunene og Open Street Map contributors (utenfor Norge)

Prosjektkontor

Besøksadresse:

E39 Svegatjørn-Rådal er overført frå Statens vegvesen Utbygging til Statens vegvesen Drift og vedlikehald. Spørsmål vedrørande drift, kan rettast til Vegtrafikksentral vest – telefon 175.

Kontakter

Statens vegvesen Drift og vedlikehold

Pressevakt Drift og Vedlikehold
Telefon:
47 90 54 72
E-post:

Sist oppdatert: