Då er sprengingsjobben over på tilsaman 30 km med tunnel. Jobben med tunnelsalver har gått i over tre år mellom Svegatjørn i Os og Nordås i Bergen. Men no står det att mykje innreiingsarbeid i alle tunnelane. Deretter blir det elektro-montasje.

4362 salver

Det er Veidekke som har arbeidd på hovudkontrakten i sørlege delen av prosjektet. Dei har sprengt den 1,5 km lange Skogafjellstunnelen og den 9,2 km lange Lyshorntunnelen, med tverrslag mellom dei to løpa i båe tunnelane og overvasstunnel mellom Lyshorntunnelen og Fana.

På dette arbeidet er det sprengt tilsaman 4362 tunnelsalver, den siste altså føremiddag, 13. mai 2019. Salvene har i gjennomsnitt vore på 5,5 meters lengde.

Det er brukt over 120.000 sikringsbolter i tunnelveggane, og over 70.000 kubikk med sprøytebetong.

Strenge krav

Prosjektleiar i Veidekke, Trygve Slåke, sa at tunnelanlegget har gitt god læring for mannskapa. Entreprenøren har hatt 20 lærlingar som har teke fagprøve gjennom dei tre åra på prosjektet.

Fokus på ytre miljø og handtering av ureine massar – har vore sterkare her enn nokonsinne på eit tunnelanlegg, slo han fast.

I tillegg har det vore gode resultat på HMS, ingen alvorlege skader på mannskapa.