Dette er ein metode for mellombels sikring mot utgliding av lausmassar i skrått terreng. Muren blir nytta gjennom byggeperioden, og er i dag ikkje godkjent som permanent sikring mot utgliding.

DSC_9248 Sognamur E39 Svegatjørn-RådalDøme på «sognamur» ved veganlegget i Rådal. (Foto: Geir Brekke)

Femti-åring

Prosjektleiar for rv. 555 Sotrasambandet, Espen Hammersland, er blant dei i Statens vegvesen som har sett nærare på praktisk bruk av slike sikringstiltak. Han seier at namnet kjem at av dette tiltaket første gong blei bygt av Statens vegvesen i Sogn og Fjordane på 1970-talet. Martin Norevik i Statens vegvesen er omtalt som oppfinnaren av metoden, som i desse tider har 50-årsjubileum i etaten.

Rapport som grunnlag

Hammersland sitt første møte med etaten var som sommarvikar i 1998. Då henta han inn døme på bruk av slike murar i Hordaland. Seinare blei det tilsetting i etaten. Eit par pår seinare laga han ein rapport om bruk av «sognamur» i fylket. Denne har seinare vore brukt til utarbeiding av konkurransegrunnlag for vegbygging, der slike tiltak er aktuelt.

- Eit poeng er at plankegjerdet ikkje må vere for høgt, seier Hammersland. Ein meter er iallfall nok, dersom ein ikkje går inn med stag mellom «sognamur» og fjell. Målet med muren er å unngå at lausmassar renn ned på veganlegget.

Stål og plank

Muren består av kamstål-påler og plank. Muren skal hindre utvasking og utgliding frå toppen av skråninga. Det kan nyttast pukk på innsiden for å drenere sigevatn.

- Er det døme på at slike murar blir ståande etter at vegen er opna for trafikk?

- Tidlegare var dette vanleg. Men i dag er det gjerne andre tiltak som skal gi meir permanent sikring mot utgliding. Natursteinsmur er blitt meir vanleg.

DSC_9227 ved Nordås E39 Svegatjørn-RådalI dag blir det gjerne bygt natursteinsmur som permanent sikring mot utgliding, som her ved Nordås. (Foto: Geir Brekke)