Den planlagde gang- og sykkelvegen gir kortare reiseavstand mellom Hafstadparken og Kronborgvegen/ Vievegen for gåande og syklande, og knyter dei ulike bydelane tettare i hop. Avstanden frå dei store bustadområda på Vie til Hafstadparken blir korta ned med om lag 500 meter. Også avstanden mot sentrum blir kortare.

Gang- og sykkelvegen har få kryssingar med køyreveg som syklande og gåande må stoppe opp for eller ta omsyn til. Dette gir god trafikktryggleik, og eit effektivt gang- og sykkelsamband, utan biltrafikk tett inntil.

HafstadTrase for gang- og sykkelveg. Illustrasjon: Statens vegvesen

Traseen ligg i overgangen mellom dyrka mark og flaummarkskogen, dels langs Jølstra, i eit område skjerma for biltrafikk. Dette blir eit sentrumsnært turområde som kan gje gode naturopplevingar og mosjon i nærmiljøet. Langs gang- og sykkelvegen vert det sett opp benker og bord, og gangvegen får gatelys. Samla sett har vi tru på at prosjektet bidreg til at fleire i Førde syklar eller går, og ein positiv effekt for folkehelsa og miljøet.

Du kan lese meir om planane, og laste ned reguleringsplanen på delprosjektsidene.

Merknadar

Dersom du har merknadar til forslaget, kan du senda dei til Førde kommune:

Førde kommune,
Postboks 338,
6802 Førde
Firmapost: postmottak@førde.kommune.no

Spørsmål

Har du spørsmål kan du ta kontakt med ein av følgjande:

Førde kommune, ved Arve Seger
tlf. 57 61 27 19 / 48 02 26 26
arve.seger@forde.kommune.no

Statens vegvesen, ved Magna Vangsnes 
tlf.  57 65 58 53 / 95 19 19 63
magna.vangsnes@vegvesen.no