No er det opp til politikarane å bestemme kva alternativ som skal gå vidare i arbeidet med ein ny reguleringsplan.

Tilleggsutgreiing og planverkstad

Ny bru og veg frå Hafstad over Jølstra til området ved Førdehuset er tiltak ein i Førdepakken, og ein viktig del av eit nytt trafikksystem i Førde. Det vil avlaste eksisterande E39 og riksveg 5, og vil knytte Førdehuset til idrettsanlegget på Hafstad.

Det var allereie ein reguleringsplan for området, men det viste seg at anleggsarbeidet knytt til bruløysinga i denne planen ikkje let seg gjere av omsyn til flaum. Ei anna løysing, med fylling i elva, vart møtt med sterk skepsis frå NVE og Fylkesmannen.

Det vart difor bestemt at ein skulle vurdere tiltaket på nytt. Eit forprosjekt vart gjennomført i 2017, men Førde kommune ynskte eit breiare vurdering av løysingar, og i januar 2018 vart det halde ein planverkstad for å sjå på moglege løysingar i området. Planverkstaden vart oppsummert i ein rapport frå februar 2018.

Etter verkstaden vart det gjennomført tilleggsutgreiingar av nye alternativ, brutypar og kryss.

Tilråding

Det er ei samling av dette arbeidet og forprosjektet som no vert presentert i ein tilleggsrapport. Her er det skissert fire alternative løysingar, og konsekvensar av desse knytt til bru- og kryssløysing, miljø, trafikk, parkering, Førdehuset og gjennomføring og kostnader. Konsekvensane er samla i ei vurdering, med ei tilråding. Rapporten seier også noko om det vidare arbeidet.

I forprosjektet med tilleggsvurderingar er det skissert fire alternative løysingarI forprosjektet med tilleggsvurderingar er det skissert fire alternative løysingar

Statens vegvesen meiner at alternativ 1 samla sett gir færrast konsekvensar og best utnytting av midlar i Førdepakken. Alternativet gir ei god kopling mellom Førdehuset og Hafstadparken for alle trafikantgrupper, og det er mogleg å få til ei god og framtidsretta utforming av området ved Førdehuset.

- De har vore igjennom ei tilleggsutgreiing og ein planverkstad, men kjem likevel til same konklusjon som i forprosjektrapporten. Kvifor?

- Vi har vurdert andre alternativ, men dei rauk ut av ulike grunnar, først og fremst på grunn av store kostnader. Vegvesenet står framleis fast på at alternativ 1 er den beste løysinga. Førdepakken er eit bompengeprosjekt, og vi skal gjennomføre tjue tiltak med dei midlane vi har. No blir det opp til politikarane i Førde å bestemme kva løysing dei vil vi skal gå vidare med, seier Erling Varlid, Statens vegvesen sin prosjektleiar for Førdepakken.
Tilrådinga går no vidare til handsaming i planutvalet i Førde kommune, og deretter vidare til bystyret.

- Vegvesenet vil lage reguleringsplan for det alternativet som politikarane i Førde kjem fram til, seier Varlid.

Målet er at reguleringsplanen skal vere vedteken våren 2019.

Dei fire alternativa:

Dette er hovudprinsipp som ved vidare planlegging kan justerast og detaljerast:
• Alternativ 1 er ei bru vinkelrett over Jølstra. Rundkøyring er einaste aktuelle løysing for kryss mot Angedalsvegen.
• Alternativ 2 og 3 er ei bru som går i same trasé som gjeldande reguleringsplan, skrått over Jølstra. Alternativ 3 har kryss delvis ut på brua (som i reguleringsplanen), medan alternativ 2 har krysset plassert slik at kunstgrasbana må flyttast.
• Alternativ 3 er kun egna med T-kryss, og krev fylling i elva på grunn av brei og tung bru med kryss ut på brua. Alternativet er berre aktuell med brutype utan fundament i elva.
• Alternativ 4 er ei bru vinkelrett over elva nær Festplassen, i tillegg til gang- og sykkelbru ved Førdehuset. Plasseringa gjer at «Laksen» må fjernast. Gang- og sykkelbrua er berre vurdert som aktuell saman med alternativ 4.
• Alternativ 2 og 4 kan byggast med T-kryss eller rundkøyring.
• Bru i alternativ 1, 2 og 4 kan byggjast med eller utan fundament i elva.