Kvifor må eg betale bompengar?

Bompengane går til vegprosjekt som skal byggast i Nordhordland. Vegane slik dei er i dag er ikkje gode nok for veksten i befolkninga og i trafikken. Fleire stader er det heller ikkje trygt for dei som går og syklar. For å kunne bygge nye vegar og tryggleikstiltak i Nordhordland betalar det offentlege noko, og brukarane noko.

 

Kva får vi for bompengane?

19 vegprosjekt er planlagt i heile Nordhordland. Dei to største prosjekta er ny veg på Radøy og i Meland. Vi får også meir plass til gåande og syklande med ni nye gang- og sykkelvegar. Fem av vegprosjekta er trafikksikringstiltak. Ti vegar blir utbetra.

 

Kva kostar det å køyre gjennom bomstasjonen?

Takstgruppe 1 (inntil 3500 kg): 20 kroner

Takstgruppe 2 (over 3500 kg): 32 kroner

Nullutsleppskøyretøy: 8 kroner

Det er to-vegs innkrevjing som vil seie at du må betale begge vegar. Maks pris med gyldig avtale kvar månad er 800 kroner for ein bil under 3500 kilo.

 

Kor tid startar innkrevjinga?

Ved midnatt natt til søndag 1. desember 2019 startar innkrevjinga.

Bomstasjon nummer 6 (sjå bilete) startar innkrevjing når prosjektet Marås-Soltveit opnar.

 

Kor lenge må eg betale bompengar?

Bommane blir ståande i tolv år.

 

Korleis skaffar eg meg bombrikke?

Gå inn på minside.autopass.no. Her kan du lage ein avtale og skaffe brikke. Brikka kjem i postkassen.

 

Kva er fordelen med autopassbrikke?

Med AutoPASS-avtale og brikke får du 20 prosent rabatt per passering. Det vil seie at du betalar 16 kroner i staden for 20 kroner. Du betalar også berre for ei passering dersom same køyretøy køyrer passerar fleire gonger gjennom fleire bomstasjonar i Nordhordlandspakken innanfor 60 minutt.

I tillegg får du eit «tak» på maks 50 passeringar per kalendermånad per køyretøy som er knytt til avtalen. Etter dette er det gratis å passere resten av månaden. Har du gyldig parkeringsløyve for forflytningshemma frå kommunen får du fritak ved å registrere parkeringsløyve hos bompengeselskapet.

 

Dersom du har gyldig AutoPASS-avtale frå før og elektronisk brikke i kjøretøyet, treng du ikkje å gjere noko. Du vil då få rabatt og fritak som timeregel og månedstak i Nordhordlandspakken automatisk.

Her kan du lese om prosjekta https://www.vegvesen.no/vegprosjekter/nordhordlandspakken