Den nye ferjekaia på Sulesund vart teken i bruk i januar, og arbeidet på kaiområdet stod ferdig i april. På området er det mellom anna bygd eit nytt servicebygg som rommar teknisk utstyr til reiarlaget, samt venterom og toalettfasilitetar til dei reisande.

Det nye oppstillingsområdet er rassikra ved at det er bygd ein voll på om lag 100 meter over bustadane langs Nøringsetvegen. Den nye rasvollen vart bygd saman med ein allereie eksisterande voll, og har ein høgde på om lag seks meter.

- Anlegget har blitt veldig fint. Det er godt gjennomtenkt og ser ut til å fungere bra trafikkmessig. Med unntak av nokre mindre prosjekt står alt no klart, og vi fekk overført prosjektet frå entreprenør den 5. september, seier prosjektleiar Olav Megrund i Statens vegvesen.

Arbeidet, som starta opp i oktober 2017, vart gjort av Statens vegvesen på oppdrag frå Møre og Romsdal fylkeskommune. Hovudentreprenør var Christie & Opsahl AS.

Sulesund ferjekai før og etter ombyggingsarbeidet. Foto: Statens kartverk/Statens vegvesenSulesund ferjekai før og etter ombyggingsarbeidet. Foto: Statens kartverk/Statens vegvesen

Plass til langt fleire bilar

Målsettinga med prosjektet var å legge til rette for større og miljøvennlege ferjer i sambandet mellom Hareid og Sulesund på fv. 61. Landarealet vart bygd om for å sikre at ombord- og ilandkøyring kunne skje på ein rask og trygg måte.

- Tidlegare var det berre eit oppstillingsfelt på Sulesund. I dag er det fem med plass til ca. 90 personbilar. Det har også vore ei auke i talet på parkeringsplassar. Før kunne om lag 40 bilar parkere på området, medan det no er plass til ca. 140. Ferjene som er sett inn i sambandet har også større kapasitet, og dei går kvart 20. minutt frå morgon til kveld, seier Megrund.

Jobbar med støyreduksjon

Trass i nokre utfordringar i løpet av byggetida kom ein seg i mål med den nye kaia berre nokre dagar over fristen, som var 1. januar.

- Det var ein del dårleg fjell i havbotnen ved kaia, og dette skapte problem når vi skulle montere fjellanker i nokre av pelane. Vi har og vore plaga med støy ved av- og påkøyring. Det er gjort nokre justeringar, men verken vi eller naboane seier oss heilt nøgde med resultatet. I samarbeid med reiarlaget jobbar vi derfor framleis med ulike tiltak for å sikre at av-og påkøyringa skal bli så stille som forventa av ei ny kai, seier Megrund.