Riksveg 13 Ryfast er eit nytt vegsamband mellom ny E39 i Stavanger kommune og dagens riksveg 13 i Strand kommune. Eiganestunnelen er ein del av E39 Kyststamvegen mellom Kristiansand og Trondheim.

Ryfast-kart-prosjektomtale

Ryfylketunnelen

Ein 14,3 kilometer lang undersjøisk tunnel mellom Solbakk i Strand og Hundvåg i Stavanger. Når tunnelen står ferdig bygd, vil han vere den lengste undersjøiske vegtunnelen i verda. Tunnelen har brattaste stiging på 7 %, som gjeld for 4 kilometer av distansen opp mot Solbakk. Det djupaste punktet ligg 292 meter under havet. Hovudentreprenør på Solbakk er Marti IAV Solbakk DA og hovudentreprenør på Hundvåg er AF Gruppa Norge AS.

Hundvågtunnelen

Hundvågtunnelen er ein 5,7 kilometer lang undersjøisk tunnel som kryssar Byfjorden mellom Hundvåg og Stavanger. Denne tunnelen kobler seg på prosjektet E39 Eiganestunnelen, og vil gje bilistar høve til å køyre av mot Stavanger sentrum, via Gamlingen, eller halde fram direkte ut på E39 sørover mot Forus og Sandnes. Hovudentreprenør for kontrakten er arbeidsfellesskapet Kruse/Risa ANS og starta arbeid på kontrakten den 7. mai 2014.

Alle tunnelstrekningane blir bygde med to tunnelløp, med to felt i kvar retning. Bygging av toløpstunnelar vert gjort av omsyn til tryggleiken. Det vert etablert rømmingsløp mellom tunnellane kvar 250. meter. Fleire av desse vil òg vere kjørbare for å auke moglegheit for blant anna brannvesenet og anna naud- og redningspersonell å komme fram.

Prosjektet Rv. 13 Ryfast er avhengning av gjennomføringa av E39 Eiganestunnelen, sidan Eiganestunnelen er koblingspunktet mellom Ryfastprosjektet og Stavanger. Begge prosjekta er vedtekne og i byggefase.

Eiganestunnelen

Prosjektet omfattar strekninga mellom E39 ved Schancheholen i sør og E39 ved Smiene i nord. Det skal etablerast eit trafikksikkert vegsystem der ein løyser vegen sin funksjon både som stamveg og lokal hovudveg. Det blir bygt 5 kilometer med ny firefeltsveg. 3,7 kilometer av dette er tunnel med to løp, Eiganestunnelen.

E39 Eiganestunnelen skal hjelpe til å utvikle E39 til ein viktig veg for Vestlandet, som ein del av den nasjonale transportkorridoren langs Vestlandskysten.