Det skal byggjast 5,2 mil med tunnel og 5 km veg i dagen i Ryfast-prosjektet. Men like viktig – det skal plantast 108 sortar buskar, tre og andre vokstrar.

Totalt 37 213 grøne vokstrar skal blomstre langs vegane, på kulvertane og portalane neste år. Eitt år før Ryfast opnar for trafikk ein gong i 2019.

Største plantejobben

– Vi tek omsyn til gjeldande vegetasjon når vi fastset kva type tre, buskar, gras og andre plantar som skal brukast, fortel Thomas Wardman, som er kontrollingeniør landskap i Statens vegvesen.

Det er Stangeland maskin som har fått jobben med å plante ut alt.

– Dette er den største plantejobben eg har vore med på, seier gartnar Kristian Goa, før han og lærling Rebekka Nesse fortset å plante ut sju forskjellige plantar og buskar i skråninga som skil den nye vegen og Mosvannsparken.

Stavanger sitt største friområde

Bygginga av Eiganestunnelen med tilhøyrande veg i dagen er gjort i eit av Stavangers største fri- og parkområde.

– Vi har gjort store inngrep rundt Mosvatnet og i Vålandsskogen. Derfor skal vi sørgje for at parkområda skal bli like flotte og brukarvennlege som dei var då vi starta arbeidet. I tillegg skaper vi nye grøne lunger og parkar, seier Wardman.

Ei av utfordringane som dukka opp var at mange tre i Vålandsskogen var angripne av sjukdom.

– Vi skal freiste å stoppe spreiinga av sjukdom med å plante ny skogbotn, som venteleg vil stoppe vidare spreiing, fortel kontrollingeniøren.