Oppdraget var lyst for første gong i vår, men denne konkurransen blei avlyst. Frist for levering av tilbod er no sett til 12. november 2018.

150 m tunnel så langt

Oppdraget gjeld ma sandblåsing og maling på delar av fagverket i Sotrabrua. Det skal og byggast og monterast kabelkanalar og berebjelkar under brua.

Planen er å utføre delar av arbeidet om natta, for å redusere hindringar for trafikken over brua. Noko trafikkregulering må påreknast.

Driving av kabeltunnelane til flytting av høgspentlina pågår. På Knarreviksida er entreprenørane komne lengst. Inndrifta er her no på kring 150 meter.