Kontrakten omfattar bygging av 9,4 km firefelts veg, ny Sotrabru, gang- og sykkelvegar, samt drift og vedlikehald i 25 år etter trafikkopning. Kontrakten vert etter planen tildelt sommaren 2021, med kontraktssignering seinhaustes same år.

Dei tre prekvalifiserte grupperingane som har levert tilbod på kontrakten er

  •  Sotra Link
  • ITIAS
  • Via Sotra 

Grupperingane består av følgande selskap som har inngått fellesføretak (såkalla «joint venture») for å finansiere, bygge og drifte OPS-kontrakten på Sotrasambandet:

  •  Sotra Link: Webuld S.p.A, SK Engineering Co. Ltd. (SK & E&C), Macquarie
  • ITIAS: ITINERA S.p.A, IHI Corporation, ASTM S.p.A
  • Via Sotra: VINCI Concessions S.A.S, VINCI Highways S.A.S, Acciona Concesiones S.L, Implenia Switzerland Ltd. 

- I rute

Utbyggingsdirektør i Statens vegvesen, Kjell Inge Davik, er svært nøgd med at alle dei tre kvalifiserte grupperingane har levert tilbod som no skal vidare til forhandlingar.

- I dag er ein viktig dag for nytt Sotrasamband. Prosjektet er i rute til signering neste haust, og det er gledeleg at vi har fått inn tilbod på kontrakten frå alle dei kvalifiserte grupperingane.

Forventar robuste, langsiktige løysingar

Etter juleferien startar arbeidet med å gjennomgå tilboda før dei første forhandlingsmøta startar i februar. Prosjektleiar i Statens vegvesen, Arve Tjønn Rinde er trygg på at grupperingane har skjønt oppgåva.

- I tillegg til bygging inkluderer kontrakten drift og vedlikehald i 25 år, og vi forventar robuste, langsiktige løysingar frå grupperingane.

Prosjektet har sidan april i år jobba saman med dei tre grupperingane som vart prekvalifiserte. Saman med grupperingane har vegvesenet gått igjennom konkurransegrunnlaget for å sikre at dei har satt seg godt inn i arbeidsomfanget, slik at dei har hatt dei beste føresetnadene for å levere tilbod. Vi har allereie fått presentert gode løysningar, fortel Rinde.

Om prosjektet

Ny rv. 555 Sotrasambandet omfattar bygging av firefelts veg frå kryss ved fv. 562 ved Storavatnet i Bergen kommune til kryss med fv. 561 ved Kolltveit i Øygarden kommune. 

Det nye vegsystemet vil en få nye firefelts motorveg, egne felt for kollektivtrafikk, samt gang- og sykkelveg. OPS-kontrakten, offentleg privat samarbeid, er ein annan kontraktsform enn det som er vanleg. Her etablerer det private eit selskap som står for utbygging og drift av ein offentleg vegstrekning. Kontrakten på Sotra, når det blir signert, vi difor vere ein av dei største samferdselskontraktane så langt i Noreg.

 

Sjå animasjonsvideo av nytt Sotrasamband 

 

Kontaktpersonar:

Arve Tjønn Rinde
Prosjektleiar i Statens vegvesen
Rv. 555 Sotrasambandet
Mobil: 930 31 874
E-post: arve.rinde@vegvesen.no