Asfalteringa av tunnelen er no ferdig, og på tysdag 2. april startar arbeidet med å støype kantstein.

I samband med dette vil tunnelen vere stengd med kolonnekøyring i tidsrommet 08.00 til 20.00. Dette gjeld alle dagar fram til fredag 12. april, også i helga 6. og 7. april.

- Vi beklagar at det no blir ein ny periode med kolonnar på dagtid. Erfaringane frå februar viste derimot at desse tidene fungerte ganske godt. Under støypinga av kantstein vil det berre bli jobba på nokre få og avgrensa område i tunnelen. Dette fører til at kolonnane vil kunne køyre ganske uhindra gjennom, og ikkje bruke så lang tid, seier prosjektleiar Ole Kristian Birkeland i Statens vegvesen.

Kolonnene vil gå til faste tider, og frå tysdag 2. april blir trafikkavviklinga som følgjer:

 Frå Godøya Frå Giske
Kl. 08.00 Kl. 08.10
 Kl. 08.20 Kl. 08.45
 Kl. 09.00 Kl. 09.15
 Kl. 09.30 Kl. 09.45
 Kl. 10.00 Kl. 10.15
 Kl. 10.30 Kl. 10.45
 Kl. 11.00 Kl. 11.15
Kl. 11.30Kl. 11.45
Kl. 12.00Kl. 12.15
Kl. 12.30Kl. 12.45
Kl. 13.00Kl. 13.15
Kl. 13.30Kl. 13.45
Kl. 14.00Kl. 14.15
 Kl. 14.25 Kl. 14.45
 Kl. 15.00 Kl. 15.10
Kl. 15.20Kl. 15.30
Kl. 15.40Kl. 15.50
Kl. 16.00Kl. 16.10
Kl. 16.20Kl. 16.30
Kl. 16.40Kl. 16.50
Kl. 17.00Kl. 17.15
Kl. 17.30Kl. 17.45
Kl. 18.00Kl. 18.15
Kl. 18.30Kl. 18.45
Kl. 19.00Kl. 19.15
Kl. 19.30Kl. 19.45

Ved nokre få høve er det bussavgang frå Valkvæ tett opp mot kolonnetidene. I desse tilfella vil trafikkdirigentane vente nokre ekstra minutt på bussane før dei køyrer mot Giske.