Fredag blei Jobergtunnelen på riksveg 13 opna. Markeringa fann stad på Seim, og det var Granvin-ordføraren sjølv, Ingebjørg Winjum, som fekk æra av å opne tunnelen.

Større markering seinare

Det er i desse dagar akkurat to år sidan anleggsarbeidet vart sett i gang; i september 2015.
– Når vegen ved Granvinsvatnet er ferdig ved årsskiftet blir det ei større markering, seier prosjektleiar Lars Magnar Røneid.

Tunnelen er bygt av eit arbeidsfellesskap mellom tsjekkiske Metrostav og norske Bertelsen & Garpestad. Elektroentreprisen er utført av Aventi Installasjon AS.

Jobergtunnelen er 2040 meter lang, kor 100 meter av tunnelen er bygt i lausmassar, og er den første lausmassetunnelen i Noreg nokon sinne.

Tunnelen er eit rassikringsprosjekt, og har eit kostnadsoverslag på 571 millionar kroner.

Ny veg snart på plass

I april 2016 var det ei omfattande utgliding i Granvinsvatnet, då 120 meter veg forsvann i vatnet.
– Me jobbar no med å bygge opp att riksvegen med hjelp av cellespuntar. Det vil seie sju store, runde stålkonstruksjonar, som blir fundamentet for ein ny og trygg veg. Fire av desse er ferdig. Spuntinga vil foregå til november 2017, seier Røneid.

Om hausten blir mild tek dei sikte på å bli ferdig i løpet av året.