Instruksen er laga for å gjere øving og opplæring i våre køyregardar så trygg som mogleg, og for å unngå at alvorlege ulukker skal skje.

Reglar og retningsliner

  • Private har ikkje tilgang til å nytte køyregarden for øving/øvingskøyring.
  • Køyregarden er berre til bruk for førarprøvar og trafikkskular.
  • Trafikklærarar som skal nytte køyregarden til opplæring, og trafikklæraren ikkje er med på køyretøyet, skal ha delteke på vegvesenet si gjennomgang av instruks for bruk av køyregarden.
  • Køyregarden er open for øving alle dager etter 15.30. Elles er køyregarden open for førerprøver og oppvarming til førerprøver dei dagane det er aktuelt.
  • Alle køyretøy som ikkje nyttast til opplæring eller førarprøve, skal parkerast utanfor området.
  • Øving lyt vike plass dersom Statens vegvesen skal nytte området.
  • Når køyregard vert brukt, skal sperringar setjast opp som avtalt på rett stad.
  • Ved bruk av køyregard skal det alltid vere bruk av to-vegs trådlaust kommunikasjonsutstyr mellom elev og instruktør/lærar.
  • Ein trafikklærar kan ha med seg 1 elev i køyregarden.
  • Maks 3 kandidatar/elevar kan vere samstundes i køyregarden.
  • Trafikklærar skal sitje på motorsykkelen ved opplæring i køyregarden, inntil trinnvurdering trinn 2 er gjennomført og registrert.
  • Trafikklærarar har til ei kvar tid ansvar for at det ikkje kan oppstå fare.
  • Når køyregarden vert nytta av fleire, skal det alltid gjerast tydelege avtalar om korleis det skal samarbeidast mellom instruktør/lærarar for å unngå fare/risiko.
  • Maks hastigheit i køyregard er 50 km/t.
  • Statens vegvesen ynskjer at det skal vere sikkert å bruke området, og vi oppfordrar alle til å bruke rett mc-utstyr og at motorsykkelen må vere godkjent, jamfør Vegtrafikkloven § 13.
  • Anna bruk av køyregarden skal avtalast med Statens vegvesen.
  • Førstehjelpsutstyr og brannslukkar er tilgjengeleg utanfor stasjonen.
  • Ved ulukke ring 113. Ved personskade skal også politiet kontaktast på 112. La utstyret (mc) ligge på skadestaden.

Reglar under førerprøve

  • Ingen andre kan øve på området eller på annan måte forstyrre kandidat og sensor mens prøve pågår.