Instruksen er laga for å gjere opplæring, øving og førarprøver i køyregardar vi nyttar så trygg som mogleg, og for å unngå at alvorlege ulykker skal skje.

Opningstider

  • Banen er berre open etter avtale med Sogn Motorsportklubb, og for køyreskular og Statens vegvesen.

Reglar og retningslinjer

(Desse reglane og retningslinjene gjeld når køyregarden vert disponert av sensorar frå Statens vegvesen.)

  • Trafikklærarar som skal nytte køyregarden til opplæring/oppvarming før førarprøve, og trafikklæraren ikkje er med på køyretøyet, skal kjenne til denne instruksen og køyregarden sitt køyremønster
  • Trafikklæraren skal sitte på motorsykkelen ved opplæring i køyregarden, inntil trinnvurdering trinn 2 er gjennomført og registrert.
  • Køyregardsoppgåvene er eksamensoppgåver til førarprøven. Elevar som treng instruksjon og nyinnlæring på trinn 2 (Grunnleggande køyreteknisk opplæring) oppfordrast til å finne andre område.
  • Det er ikkje tillete å nytte køyregarden til anna enn oppmerka oppgåver, og alle skal følge same køyreretning som oppgåvene gir, og slik plassen er merka.
  • Ved bruk av køyregard skal det være to-vegs kommunikasjon mellom elev og instruktør.
  • En trafikklærar kan ha med seg 1 kandidat/elev samtidig i køyregarden.
  • Max 3 kandidatar/elevar kan vere samtidig i køyregarden.
  • Alle køyretøy som det ikkje vert nytta til opplæring eller er til førarprøve, skal parkerast på utsida av køyregarden /oppe ved hovudinngang. Ved førarprøva skal ein følge sensors rettleiing.
  • Maks hastigheit er 60 km/t.
  • Vi ønsker at det skal vere sikkert å bruke området, vi oppfordrar alle til å bruke riktig MC utstyr og motorsykkelen må vere godkjent jamfør Vegtrafikkloven §13.
  • Ved ulykke ring 113. Ved personskade skal også politiet kontaktast på 112. La utstyret (mc) ligge på skadestaden.

Reglar under førarprøven

  • Ingen andre kan øve på området eller på annan måte forstyrre kandidat og sensor mens prøven pågår.