Instruksen er laga for å gjere øving og opplæring i våre køyregardar så trygg som mogleg, og for å unngå at alvorlege ulykker skal skje.

Reglar og retningslinjer

  • Private har ikkje tilgang til å bruke køyregarden for øving/øvingskøyring.
  • Køyregarden er berre til bruk for førarprøvar, og trafikkskular til oppvarming på dagar det gjennomførast førarprøver.
  • Trafikklærarar som skal nytte køyregarden til opplæring/oppvarming før førarprøve, ikkje er med på køyretøyet, skal ha delteke på Vegvesenet si gjennomgang av instruksen og køyregarden sitt køyremønster.
  • Alle køyretøy som ikkje nyttast til opplæring eller førarprøve, skal parkerast utanfor køyregardsområdet.
  • Ved bruk av køyregard skal det alltid vere bruk av to-vegs trådlaust kommunikasjonsutstyr mellom elev og instruktør/lærar.
  • Ein trafikklærar kan ha med seg 1 elev i køyregarden.
  • Max 2 kandidatar/elevar kan vere samtidig i køyregarden.
  • Trafikklærarar har til ei kvar tid ansvar for at det ikkje kan oppstå fare.
  • Når køyregarden vert nytta av fleire, skal det alltid gjerast tydelege avtalar om korleis det skal samarbeidast mellom instruktør/lærarar for å unngå fare/risiko.
  • Max hastigheit i køyregard er 50 km/t. (60 km/t på inngjerda område.)
  • Førstehjelpsutstyr og brannslukkar er tilgjengeleg på stasjonen.
  • Ved ulykke ring 113. Ved personskade skal også politiet kontaktast på 112. La utstyret (mc) ligge på skadestaden.

Reglar under førarprøve

  • Ingen andre kan øve på området eller på anna måte forstyrre kandidat og sensor mens prøve pågår.