Få førarkortet på mobilen og la det fysiske førarkortet liggje heime når du køyrer bil i Noreg.

Skal du til utlandet, må du framleis ha med det fysiske førarkortet ditt.

Digitalt førarkort er gyldig som legitimasjon dersom du blir stoppa i trafikkontroll. Du kan ikkje forvente at det blir godkjent som legitimasjon i andre tilfelle.

Bruker du det digitale førarkortet når du er ute og køyrer, må du hugse å ha straum på mobilen til heile køyreturen, og skjermen må vere leseleg.

Last ned appen

Her kan du laste ned appen «Førerkort»:

Tekniske krav til mobilen

Du kan berre nytte digitalt førarkort på éin telefon om gongen.

For versjon 2.0 av «Førerkort»-appen må telefonen din ha minimum iOS-versjon 15.0 eller Android-versjon 10.0.

Du må logge inn i appen

Du må logge inn i appen med ID-porten første gongen du bruker han. Deretter kommer vi til å be deg logge inn med ID-porten éin gong i året.

Dette er ein ekstra tryggleik vi har innført, og du kan ikkje bruke appen igjen før du har logga inn på nytt.

Får du ikkje logga inn?

Får du feilmeldinga “feilkode: Autentisering”, eller får du av andre grunnar ikkje logga inn i førarkort-appen?

Finn telefonen din og standard nettlesar under og følg rettleiinga. Dersom du fortsatt ikkje får logga inn når du har gjort det, kan du kontakte oss.

Får ikkje logga inn i appen på iPhone? 

Safari 

  1. Gå ut av førarkort-appen, og lukk han heilt ved å sveipe han vekk i oversikta over nyleg brukte appar. 
  2. Gå inn på “Innstillinger" på mobilen.
  3. Bla ned og vel Safari.
  4.  Bla ned og trykk på "Tøm logg og nettstedsdata".
  5. Opne førarkort-appen og prøv å logge inn.

Chrome

  1. Gå ut av førarkort-appen, og lukk han heilt ved å sveipe han vekk i oversikta over nyleg brukte appar. 
  2. Opne Chrome-appen og trykk på dei tre prikkane nede i høgre hjørne.
  3. Vel “Instillinger”.
  4. Vel Logg.
  5. Trykk på “Slett nettleserdata” nedst til venstre.
  6. Trykk på ”Lagrede passord” og ”Autofylldata” for å fjerne markeringa.
  7. Pass på at “Informasjonskapsler og nettstedsdata” er markert.
  8. Trykk på “Slett nettleserdata” nedst til venstre.
  9. Opne førarkort-appen og prøv å logge inn.

Får ikkje logga inn i appen på Android telefon?

Samsung internett

  1. Gå ut av førarkort-appen, og lukk han heilt ved å sveipe han vekk i oversikta over nyleg brukte appar.
  2. Opne Samsung internett-appen og trykk på dei tre vassrette strekane nede i høgre hjørne.
  3. Vel “Instillinger” 
  4. Velg “Nettsider og nedlastninger”. 
  5. Vel “Administrer nettsideinnhold”. 
  6. Vel “Slett”. Finn https://www.vegvesen.no i oversikta og trykk på denne.
  7. Trykk deretter på “Slett” nedst på skjermen. 
  8. Opne førarkort-appen og prøv å logge inn.

Chrome

  1. Gå ut av førarkort-appen, og lukk han heilt ved å sveipe han vekk i oversikta over nyleg brukte appar. 
  2. Opne Chrome-appen og trykk på dei tre små prikkane oppe i høgre hjørne. 
  3. Vel “Instillinger” 
  4. Vel “Nettsideinnstillinger”.
  5. Vel “Alle nettsteder”.
  6. Søk etter "vegvesen" og trykk på https://www.vegvesen.no.
  7. Trykk på knappen “Slett alt og tilbakestill” nedst på sida.
  8. Trykk det same på stadfestinga.
  9. Opne førarkort-appen og prøv å logge inn. 

Det digitale førarkortet speglar det fysiske førarkortet ditt

Saknar du førarrett for nokon klassar i det digitale førarkortet ditt er det fordi desse ikkje er påførte det fysiske førarkortet ditt. Du kan logge inn på Di side for å sjå alle klassane du har førarrett for.

Dersom du ønskjer at alle klassane skal visast på det digitale førarkortet ditt, må du fornye det fysiske førarkortet.

Er det ulik gyldigheit på det fysiske og digitale førarkortet ditt?

1. januar 2013 kom det nytt regelverk som gjer at førarkort ikkje lenger er gyldige til ein fyller 100 år.

Er førarkortet ditt utferda føre denne datoen vil det vere ulik gyldigheit på det fysiske førarkortet ditt og det digitale førarkortet.

Krav til deg som vil ha digitalt førarkort

Dersom du vil ha digitalt førarkort må

  • du ha eit gyldig norsk fysisk førarkort
  • må du ha eit førarkort i bankkortstorleik
  • må biletet ditt vere lagra digitalt hos Statens vegvesen
  • må du vere registrert som busett i Noreg

Du får melding i appen om du ikkje kan aktivere digitalt førarkort. Du får òg vite kva du må gjere for å ta det i bruk.

Appen kan vise mellombels førarbevis

Dersom du allereie har digitalt førarkort når du bestiller nytt fysisk førarkort, viser førarkort-appen eit mellombels førarbevis når du har bestilt fornying av førarkortet ditt. Det kan du bruke ved kontroll. Det mellombelse førarbeviset er gyldig i éin månad.

Dersom du ikkje har digitalt førarkort frå før og nettopp har bestilt fysisk førarkort, kan du først bruke det digitale førarkortet når det fysiske førarkortet er produsert. I dette tilfellet får du ikkje eit mellombels førarbevis i appen.

Førarkort-appen kan brukast til verifisering

Slik stadfester du informasjonen din i appen

Dersom du har bruk for å la andre stadfeste at informasjonen i det digitale førarkortet ditt stemmer, kan du la dei skanne QR-koden i appen.Når QR-koden er lesen, blir du på telefonen din spurd om du tillet at dei ser oppdatert førarkortinformasjon om deg.

Dei vil då kunne sjå bilete, namn, fødselsdato, førarkortnummer, klassar, kodar, utferda- og gyldig til-dato.

Dei kan sjå informasjonen på telefonen sin i inntil fem minutter, eller til dei lukker visinga.

Slik verifiserer du andre sine førarkort på vegner av ei bedrift eller organisasjon

For å verifisere førarkort må du ha ei rolle som gir deg tilgang til å handle på vegner av bedrifta i Altinn. 

Dersom bedrifta di leiger ut køyretøy, har du ansvar for å sjekke at dei som leiger køyretøya har gyldig førarkort for rett klasse. Du kan nå bruke digitalt førarkort til å skanne og verifisere førarkorta deira på vegner av bedrifta. 

Når du ber om løyve til å verifisere eit digitalt førarkort, ser eigaren av førarkortet berre namnet på bedrifta du representerer, ikkje namnet ditt.