Endra førarkortreglar for køyretøy med alternativt drivstoff
Frå 26. november 2027 kan du med førarkort for personbil køyre tyngre køyretøy enn i dag, til dømes elbil eller hybridbil.
Vi vil innføre nye reglar for køyretøy som heilt eller delvis bruker alternativt drivstoff. Dette gjeld til dømes elbilar og hybridbilar, som er tyngre enn bensinbilar på grunn av dei store og tunge batteria dei treng for å lagre nok elektrisk energi.
Kva betyr dette i praksis?
- Etter to år med førarkort i klasse B og BE kan du køyre køyretøy opp til 4 250 kg.
- Køyretøyet må heilt eller delvis bruke alternativt drivstoff.
- Endringane gjeld også for utrykkingskøyretøy.
- Endringa gjeld ikkje for campingbilar og bubilar. Her vil det kome ei eiga ordning i november 2029.
For førarkortklasse B
- Du kan køyre køyretøy med alternativt drivstoff over 3 500 kg og opp til 4 250 kg.
- Du kan køyre med tilhengjar med køyretøy inntil 3 500 kg. Tyngre enn dette krev førarkortklasse B96 eller BE.
For førarkortklasse B med kode 96
- Du kan køyre bil og tilhengjar som til saman har ei tillatt totalvekt på 4 250 kg.
- Dersom du skal trekkje tyngre tilhengjar (inntil 3 500 kg) eller bilen veg 4 250kg må du ha førarrett i klasse BE.
For førarkortklasse BE
Du kan køyre vogntog med
- trekkvogn opp til 4 250 kg
- tilhengjar opp til 3 500 kg
- samla tillaten totalvekt opptil 7 750 kg
Kva er alternativt drivstoff?
Elbilar og hybridbilar bruker heilt eller delvis alternativt drivstoff, det vil seie elektrisitet.
Alternativt drivstoff kan også vere:
- hydrogen
- naturgass, herunder biometan, i gassform (komprimert naturgass, CNG) og flytande form (flytande naturgass LNG)
- flytande petroleumsgass (LPG)
- mekanisk energi frå lagring om bord eller kjelder om bord, mellom anna spillvarme