Endra førarkorteglar for unge sjåførar: køyring med følgjeperson
Frå 26. november 2028 kan du få førarkort for personbil (klasse B) som 17-åring. Fram til du blir 18 år må du likevel ha med følgjeperson når du køyrer.
Kvifor blir ordninga innført?
Landa i EU og EØS har ulike reglar for føraropplæring. I fleire land er moglegheitene for privat øvingskøyring avgrensa eller finst ikkje. Ordninga med køyring med følgjeperson skal gi unge førarar meir erfaring før dei køyrer åleine og bidra til meir like førarkortreglar på tvers av landa.
I Noreg kan unge allereie øvingskøyre privat frå fylte 16 år, og ordninga vil derfor få mindre å seie her enn i enkelte andre europeiske land.
Kva betyr dette i praksis?
- Du kan få førarkort for personbil frå du er 17 år, men må ha med følgjeperson fram til du fyller 18 år.
- Førarkortet blir merkt med ein eigen kode (98.02).
- Du kan få meir erfaring før du køyrer åleine.
Øvingskøyring og køyring med følgjeperson
Ordninga kjem i tillegg til noverande reglar for øvingskøyring. Du kan framleis øvingskøyre privat frå du er 16 år, slik som i dag.
Forskjellen på øvingskøyring og køyring med følgjeperson er at
- ved øvingskøyring har du ikkje førarkort, og følgjepersonen har føraransvaret
- ved køyring med følgjeperson har du førarkort og føraransvaret sjølv, men må likevel ha med følgjeperson
Ver merksam på at det er litt ulike reglar for følgjepersonen ved øvingskøyring og køyring med følgjeperson.
Krav til følgjepersonen ved køyring med følgjeperson
Den som er følgjeperson må
- vere minst 24 år
- ha hatt førarkort i klasse B utferda i eit EØS-land i minst fem år, og må ikkje ha vore fråtatt førarretten i løpet av dei siste fem åra
- sitje i passasjersetet framme og kunne gi føraren råd under køyringa
- følgje reglane om påverknad av alkohol og andre rusmiddel
Vi vurderer om det skal stillast fleire krav til følgjepersonen.