Kom trygt i gang med øvingskøyringa
Her får du generell informasjon og nyttige tips før du skal øvingskøyre. Logg inn for å sjå øvingskøyringsbeviset ditt.
Før du kan øvingskøyre
Før du kan ta køyretimar eller øvingskøyre privat, må du ta trafikalt grunnkurs hos ein trafikkskule eller som valfag i 10. klasse. Når du har fullført kurset, får du eit bevis som gir deg rett til å øvingskøyre.
Sjå også: Vegen til førarkortet
Dersom du er over 25 år
Dersom du har fylt 25 år, er du fritatt frå delar av trafikalt grunnkurs og kan køyre utan øvingskøyringsbevis. Trafikant i mørket (mørkekøyring) og Plikter ved trafikkuhell og førstehjelp er obligatorisk for alle og må vere gjennomført før oppkøyring.
Øvingskøyring i din førarkortklasse
Når du skal øvingskøyre, må de sørgje for å ha rett utstyr, køyretøyet må vere merkt rett, og de må køyre på eigna stader.
Sjå reglane for førarkortklassen din
Har du sperrefrist eller tapt førarrett?
Då kan du ikkje øvingskøyre før du har fått godkjenning og skriftleg løyve frå politiet.
Tips til trygg øvingskøyring
Start opplæringa hos ein trafikkskule
Dette gir eit godt grunnlag for vidare opplæring og privat øvingskøyring. Ta gjerne med deg den du skal øvingskøyre med, på den første køyretimen.
Bruk god tid på øvingskøyringa
Du må øvingskøyre mykje for å bli ein trygg trafikant. Tar du førarkortet for første gong, bør du bruke minst to år på opplæringa før du tar oppkøyring.
Køyr på eit nivå du meistrar
Du må ta omsyn til kor langt du er komen i opplæringa. Unngå øving i tett trafikk og høg fart før du er god nok til å følgje trafikkrytmen. Øvingskøyring må ikkje vere til fare eller unødig ulempe for annan trafikk. På avsperra område kan du køyre utan følgje så lenge den som er med deg, ser deg heile tida og kan instruere.
Ver frisk og opplagd når du skal køyre
Du må ikkje øvingskøyre dersom du er rusa, trøytt, sjuk eller på annan måte svekt. Når du øvingskøyrer, gjeld krav til helse (Lovdata) både for deg og den som øvingskøyrer med deg.
Ikkje betal nokon for å øvingskøyre med deg
Det er berre lærarar ved trafikkskular eller godkjende kursarrangørar som kan ta betalt for opplæring.
Den du øvingskøyrer med
Sjåføren som følgjer deg når du øvingskøyrer, må ha fylt 25 år og ha hatt førarkort i same førarkortklasse i minst 5 år.
Sjå informasjon til følgjepersonar under øvingskøyring
Øvingskøyring og mørkekøyring
For å øvingskøyre mellom 1. november og 15. mars må du ha gjennomført Trafikant i mørket (mørkekøyring). Tar du trafikalt grunnkurs mellom 16. mars og 31. oktober, får du eit øvingskøyringsbevis som berre gjeld i denne perioden av året. Når du har tatt mørkekøyring, får du eit nytt øvingskøyringsbevis som gjeld heile året.
Les meir om Trafikant i mørket
Øvingskøyring i utlandet
Reglane våre for øvingskøyring gjeld berre i Noreg. Dersom du ønskjer å øvingskøyre i utlandet, må du følgje reglane som gjeld for øvingskøyring i landet du er i. Reglane om øvingskøyring er ulike i alle land. For å øvingskøyre i til dømes Sverige må følgjepersonen ha gjennomgått særskild opplæring og registrert seg hos styresmaktene.