Lær meir om kva unge treng for å bli trygge bak rattet, reglane for øvingskøyring og korleis du kan samarbeide godt med trafikkskulen.

Gå til informasjonsløypa (articulate.com)

Skal du øvingskøyre med ein ungdom? Då tilrår vi at du går gjennom ei digital informasjonsløype før øvingskøyringa startar. Då får du råd og rettleiing som kan hjelpe ungdommen til å bli ein trygg og god sjåfør.

Digital informasjonsløype om øvingskøyring

Her finn du videoar og oppgåver om øvingskøyring. Du får mellom anna kunnskap om reglane for øvingskøyring, tips til korleis du kan støtte ungdommen gjennom opplæringa og råd om samarbeid med trafikkskulen.

Det tek omtrent 30 minutt å gå gjennom innhaldet. Vi tilrår at du gjer det saman med ungdommen som skal øvingskøyre.