Tilrettelagd teoriprøve med tolk
Du kan søkje om å ta teoriprøva munnleg med tolk og sensor. Du må sjølv bestille og betale for tolken.
Før du søkjer om teoriprøve med tolk
- Du må ha søkt om førarkort først. Det gjer du på Di side.
- Du må ha dokumentasjon som viser at du treng tolk for å gjennomføre teoriprøva. Dokumentasjonen kan vere frå ein offentleg etat, skule, trafikkskule eller arbeidsgivar.
- Har du tidlegare fått innvilga teoriprøve med tolk? Du treng ikkje søkje på nytt dersom du skal utvide førarkortet til ein ny klasse, så lenge vi tilbyr teoriprøve med tolk for den aktuelle klassen.
Vi tilbyr ordinær teoriprøve på ulike språk
Teoriprøva for personbil, moped, motorsykkel og snøscooter er tilgjengeleg på fleire språk, utan at du må søkje om tilrettelegging. Sjå kva språkval du har.
Kva teoriprøver kan tas med tolk?
Du kan søkje om tolk for å ta teoriprøva for bil, moped/mopedbil, traktor, motorsykkel og snøscooter.
Du kan ikkje bruke tolk for å ta teoriprøva for ADR, drosjesjåførkompetanse og yrkessjåførkompetanse, eller teoriprøva for tunge klassar (Klasse C1, C, CE, D1 eller D).
Søk om tilrettelagt teoriprøve med tolk
Logg inn for å søkje
Slik går prøva føre seg
Du sit saman med sensor på eit eige rom, mens tolken deltar digitalt. Sensoren formidlar oppgåvene til tolken, som formidlar oppgåvene til deg. Du svarer enten til tolken på ditt eige språk, eller til sensoren på norsk.
Bestill og betal for tolken
Dersom søknaden din blir godkjend, må du bestille time til teoriprøve.
Deretter må du bestille tolk frå eit tolkefirma. Pass på at du bestiller tolk til same dato og tid som teoriprøva. Du må betale for tolketenesta sjølv.
Tolkefirmaet du nyttar må vere veletablert. Du får ei oversikt over dei mest brukte tolkefirmaa når du søkjer.
Trafikkstasjonar med tilbod om tolking
Trafikkstasjonar i aust
Trafikkstasjonar i vest
Trafikkstasjonar i sør
Trafikkstasjonar i midt
Trafikkstasjonar i nord
Kan du ikkje søkje digitalt?
Dersom søknaden gjeld ADR, drosje eller utrykking kan du ikke søkje på Di side. Du må søkje ved å fylle ut eit søknadsskjema på papir og sende det via post. Ikkje send søknaden til oss på e-post, sidan han inneheld sensitive opplysningar om deg.
Fyll ut søknadsskjemaet
Send søknaden til Statens vegvesen
Fyll ut søknadsskjemaet, og send det saman med dokumentasjon til:
Statens vegvesen
Postboks 1010 Nordre Ål
2605 Lillehammer
Tilrettelagd teoriprøve
- Tilrettelagd teoriprøve
Tilrettelagd teoriprøve med tolk