Lading av elbil vil normalt krevje mykje effekt og ein vanleg kontakt er ikkje dimensjonert for så høg belastning over tid.

Det er derfor fare for varmgang og i verste fall brann i både kontakt eller i plugg. Nyare elbilar er derfor utstyrte med ein funksjon som overvakar ladetilkoplinga og avgrensar ladestraumen avhengig av tilkoplinga. I tillegg blir sikkerheitsfunksjonane i kabel og kontakt (typisk jordforbindelsen) overvakte og ved ein feil vil ladinga bli avbroten eller ikkje kunne startast. Funksjonen blir styrt frå ein kontrollboks som er montert på ladetilkoplinga utanfor bilen.

  • Dersom kontrollboksen er montert på ladekabelen blir dette kalla Mode 2 lading.
  • Dersom kontrollboksen er montert på vegg, og har fast tilkopling til den elektriske installasjonen, blir dette kalla Mode 3 lading.

Eit Mode 3 ladesystem gir stor sikkerheit mot varmgang og brann sidan dette ladesystemet har fast tilkopling til straumnettet. Vet fast biloppstillingsplass (typisk heime i garasje) bør ein derfor installere eit Mode 3 ladesystem for å unngå at det oppstår varmgang som følge av høg belastning over tid. Mode 3 tillèt også høgare ladestraum (høgare effekt) enn lading frå ein vanleg kontakt og gir derfor kortare ladetid. Ladekontakten i elbilen er dimensjonert og tilpassa høg belastning.

Dersom ein nyttar Mode 2 lading bør ladestraumen avgrensast for å unngå at vanlege kontaktar ikkje blir belasta for mykje over tid. Mode 2 lading bør avgrensast til «nødlading» eller lading ved eigna ladepunkt. Lading utan overvaking av ladeforbindelsen bør unngåast.