Du kan bestille skilt ved å sende ein e-post til Statens vegvesen.

For å bestille skilt på e-post, må du vite kva trafikkstasjon du skal hente skilta på. Du er sjølv ansvarleg for at bestillinga er korrekt, og at du hentar og betaler for skilta på trafikkstasjonen. Prisen på eitt skilt er 60 kroner, eitt sett på to skilt kostar 120 kroner. Hugs at dei gamle skilta må leverast før du får utlevert nye. 

Dette må e-posten innehalde 

Du må sende oss 

  • namn på eigar
  • telefonnummer
  • registreringsnummer
  • farge på skilt
  • talet på skilt (eitt eller to)
  • kva trafikkstasjon du ønsker å hente skilta på
  • årsaken til kvifor du bestiller skilt

I emnefeltet på e-posten skriv du: «Bestill skilt: Navnet på trafikkstasjonen». E-posten sender du til det fylket trafikkstasjonen ligg i, adressa finner du i lista under. 

Bestill skilt 
Fylke E-postadresse
Viken
Oslo
Innlandet
Vestfold og Telemark
Agder
Rogaland
Vestland
Møre og Romsdal
Trøndelag
Nordland
Troms og Finnmark
Sist oppdatert: