Er skilta dine skadde, vanskelege å lese eller har du kjøpt eit avregistrert køyretøy? Då kan du bestille nye skilt sjølv på Di side.

Bestill skilt Logg inn

Du får SMS frå oss når du kan hente dei nye skilta på trafikkstasjonen. Det tek to til fem vyrkedagar. Dei nye skilta får same registreringsnummer som dei gamle, og du må levere dei gamle skilta før du kan få utlevert nye.

Bestill time når du skal hente skilta, så slepp du å vente på trafikkstasjonen.

Ikkje mogleg å bestille skilt på Di side?

Er det ikkje mogleg å bestille skilt på Di side, kan du sende oss ein e-post, eller bestille time for oppmøte på ein trafikkstasjon.

Andre kan henta skilt for deg

Viss nokon andre enn eigar eller medeigar skal henta skilta, må den som hentar dei ha med ei fullmakt. Fullmakta må vere på papir og innehalda

  • namn på eigar eller medeigar som gir fullmakt
  • signatur frå den som gir fullmakt
  • namn på den som har fått fullmakta
  • registreringsnummeret til køyretøyet
  • legitimasjon eller kopi av legitimasjon frå eigar eller medeigar (den som har gitt deg fullmakta)

Har du kjøpt eit køyretøy utan skilt?

For å kunna ta i bruk køyretøyet må du bestilla skilt og køyretøyet må registrerast.

Leverte inn skilt blir som hovudregel makulert. Du kan bestilla nye skilt og få dei sendt heim i posten dersom du registrerer køyretøyet på Di side på vegvesen.no. Du kan òg bestilla skilt for levering på ein trafikkstasjon. Du kan då henta skilta utan å registrera køyretøyet.

Pris på skilt

Prisen på eitt skilt er 60 kroner, eitt sett på to skilt kostar 120 kroner.

Bestille lite skilt/US-skilt

Du kan også søkje om å få lite skilt/US-skilt til bilen din dersom det ikkje er plass til å montere dei ordinære skilta. 

Har du veteranbil?

Har du ein bil med skilttypen frå før 1971, med éin bokstav eller seks tal i registreringsnummeret, får du ikkje slike skilt frå oss. Skal du ha erstatningsskilt, og ønskjer at dei skal vere tidhøvelege, må du bestille dei sjølv frå ein produsent av slike skilt.  

Importerer du ein bil som har årsmodell 1970 eller tidlegare, eller var førstegongsregistrert før 1. april 1971,  og ønskjer tidhøvelege skilt, må du bestille desse sjølv. Hugs også å kontakte oss for korrekt registrering av bilen, og forsikre deg om at skiltet du ønskjer (teiknkombinasjonen) ikkje er i bruk eller har vore brukt på andre køyretøy i Køyretøyregisteret.

Dersom du har skilttype frå 1971 eller nyare, kan du bestille nye skilt frå oss. Bestiller du frå oss må du vere merksam på at skilta ikkje vil ha ein tidhøveleg utsjånad. Dei vil vere av dagens type. Har du køyretøy eldre enn 30 år kan du òg bruke skilt av dåtidas type. Desse må du bestille sjølv frå ein produsent.

Ikkje ekstra skilt til sykkelstativ

Du kan ikkje bestille ekstra skilt til sykkelstativ. Skal du køyre med sykkelstativ der skiltet på bilen blir dekt, må registreringsnummeret vere godt synleg på annan måte. Du må syte for at registreringsnummeret på bilen blir vist i svart, på ei haldbar plate. Plata må vere kvit eller aluminiumsfarga. Du kan lage ho sjølv, eller kjøpe gjennom ein forhandlar.

Storleikar og fargar på skilt

Skilt har ulike fargar og storleikar avhengig av kva slags køyretøy det blir brukt på.

Det er som standard fem ulike storleikar på skilt.

For bil er det:

  • Stort skilt, smal versjon (52 x 11 cm)
  • Stort skilt, høg versjon (34 x 21 cm)
  • US-skilt (amerikansk format) (30,3 x 15,3 cm)

For moped, snøskuter, motorsykkel og traktor er det:

  • Lite skilt, smal versjon (30,3 x 8,5 cm)
  • Lite skilt, høg versjon (22 x 15,2 cm)

 

Kva betyr skiltfargane?
Fargekombinasjon Blir brukt på
Kvit bakgrunn med svart skrift Dei aller fleste køyretøy
Grøn bakgrunn med svart skrift Varebilar
Svart bakgrunn med gul skrift Køyretøy som berre blir nytta utanfor offentleg veg
Blå bakgrunn med gul skrift Ambassadebilar (Corps Diplomatique)
Oransje bakgrunn med svart skrift Militære køyretøy