Fråstole eller mista skilt
Er skiltet ditt stole eller mista må du melde det tapt til politiet før du kan bestille nye skilt hos Statens vegvesen.
Du må melde tap av skilt til politiet, anten det er tapt eller har blitt stole, fordi skilt på avvegar kan bli misbrukt. I dei aller fleste tilfelle vil du få ny bokstav- og talkombinasjon.
Når tapet er meldt til politiet, kan du melde tap til Statens vegvesen og bestille nye skilt. Det kan du anten gjere i sjølvbeteningsløysninga vår, eller ved å møte på ein trafikkstasjon.
Meld skiltet tapt til politiet
Mistenkjer du at nokon har stole skilta dine, kan du melde saka hos politiet. Har du derimot mista skiltet, må du fylle ut skjemaet Melding om tap av kjennemerke (PDF). Det utfylte skjemaet må du få attestert hos politiet. Skjemaet må altså vere ferdig utfylt av deg og politiet før du kan melde skilta tapte hos Statens vegvesen.
Meld skilta tapte til Statens vegvesen
Når skiltet er meldt tapt hos politiet, kan du melde tapet til Statens vegvesen. Dette kan du gjere sjølv i sjølvbeteningsløysinga vår. I sjølvbeteningsløysinga lastar du opp ferdig utfylt tapsskjema. Etter at dokumentasjonen og tapsmeldinga er levert til oss, blir meldinga behandla av ein saksbehandlar.
Melde tap på ein trafikkstasjon
Dersom du berre har tapt eitt av to skilt, eller dersom det hastar å få utlevert nye skilt og melde tapet, kan du også gjere det på ein trafikkstasjon.
Når du drar til trafikkstasjonen må du ha med deg dokumentasjon på at tapet er meldt til politiet. Anten utfylt skjema attestert av politiet, eller politimelding dersom du har meldt tapet.
Elles må du ta med
- gyldig legitimasjon
- skiltet som er att, dersom berre eitt skilt er stole eller tapt
Skal du framleis bruke bilen, får du nye skilt og mellombels vognkort med deg med éin gong. Nytt vognkort vil bli sendt til deg i posten.
Bestill time for å melde tap av skilt, så slepp du å vente på trafikkstasjonen.
Bestill nye skilt
I dei fleste tilfelle vil du få ny bokstav- og talkombinasjon på skilta. Det finst nokre unntak.
Tyngre køyretøy kan i visse tilfelle behalde same bokstav- og talkombinasjon, og veteranbilar (bilar eldre enn 30 år) kan behalde same registreringsnummer.
Bestille nye skilt digitalt
Når tapsmeldinga er ferdig behandla av Statens vegvesen, får du eit vedtaksbrev i den digitale postkassa di. Dersom alle skilta til køyretøyet er meldt tapte, kan du bestille nye skilt heim i posten etter at tapsmeldinga er godkjend.
Gå inn på "tap av skilt" når du har fått vedtaksbrev for å bestille nye.
Få nye skilt på trafikkstasjon
Dersom du melder tap på ein trafikkstasjon, kan du i dei fleste tilfelle få utlevert nye skilt samtidig. Du får nytt vognkort tilsendt i posten.
Pris for nye skilt
Prisen på eitt skilt er 60 kroner, eit sett med to skilt kostar 120 kroner.
Meld frå til andre verksemder
Hugs å gje melding til andre verksemder om at du har fått nytt registreringsnummer. Det kan til dømes vere bomselskap eller parkeringsselskap.