Du kan mellombels avregistrere køyretøyet ditt sjølv på Di side dersom du ikkje skal bruke det i ein periode.

Avregistrer køyretøy Logg inn

Frå 12. september 2022 er det ikkje lenger eit krav at skilta på avregistrerte køyretøy skal leverast inn til ein trafikkstasjon. Du kan sjølv avregistrere og registrere køyretøyet på Di side når du ønskjer det, eller ved å møte på ein trafikkstasjon.

Har du eit sesongkøyretøy eller eit anna køyretøy du ikkje skal bruke i ein periode, kan du spare forsikringsutgifter og trafikkforsikringsavgift ved å mellombels avregistrere det. Eit avregistrert køyretøy treng heller ikkje å gjennomgå EU-kontrollar.

Når du avregistrerer køyretøyet ditt, blir både ansvarsforsikring og trafikkforsikringsavgiften automatisk sagt opp. Har du andre forsikringar, som brann- eller tyveriforsikring, tilrår vi at du kontaktar forsikringsselskapet ditt for å avklare kva for forsikringar som framleis skal vere aktive.

Har du nyleg registrert køyretøyet, kan du ikkje avregistrere det att før det har gått meir enn 14 dagar. Det må altså ha vore registrert i minst 15 dagar før du kan avregistrere det att. Det er unntak dersom køyretøyet vart registrert i samband med eigarskifte.

Gratis teneste

Det er gratis å avregistrere eller registrere køyretøyet ditt - uansett kor lenge det har vore avregistrert. Det er unnatak dersom du ikkje tidlegare har betalt omregistreringsavgift ved eigarskifte, då må du betale avgifta når du registrerer køyretøyet.

Du kan ikkje bruke køyretøyet ditt når det er avregistrert

Når køyretøyet er avregistrert, skal du ikkje bruke det. Køyretøyet blir uforsikra, og derfor kan du bli halden økonomisk ansvarleg dersom køyretøyet er i ei ulykke. Sidan køyretøyet er uforsikra er det også viktig at du ikkje parkerer det på offentlege plassar eller på andre stader der det kan forårsake skade.

Sjølv om det ikkje lenger er noko krav om at skilta skal takast av når køyretøyet er avregistrert, tilrår vi framleis at du tar dei av eller markerer på ein annan måte at køyretøyet ikkje skal brukast. Du må også informere alle som kan bruke køyretøyet om at det er avregistrert.

Du kan registrere det att på Di side

Når du har avregistrert eit køyretøy sjølv, kan du eller ein annan eigar registrere det att på Di side. Merk at du må ha gyldig forsikring for at køyretøyet kan registrerast.

Så lenge køyretøyet er avregistrert, vil du ikkje få varsel om EU-kontroll. Dersom fristen for godkjend EU-kontroll går ut i perioden køyretøyet er avregistrert, må det ha godkjend EU-kontroll før du kan registrere det.

Har køyretøyet ditt vorte avregistrert av andre?

Tolletaten, Politiet og Statens vegvesen har mynde til å avregistrere køyretøy. I slike tilfelle blir køyretøyet også avskilta. Køyretøy kan for eksempel bli avregistrert dersom manglar frå utekontroll ikkje er godkjende eller at «gamle» skyldige avgifter ikkje er betalte. Køyretøyet kan også ha vorte avskilta på grunn av manglande omregistrering.

Om det var på grunn av eit bruksforbod at køyretøyet vart avskilta, må du betale eit gebyr før du kan hente ut skilta.

Har køyretøyet vorte avskilta og du ønskjer å få tilbake skilta og registrere det att, må du sørge for at

  • forsikringa er i orden
  • EU-kontrollen er godkjend
  • eventuelle andre forhold der bruksforbod er utferda, er ordna opp i.

Har køyretøyet ditt vorte avskilta, blir skilta oppbevarte på ein trafikkstasjon i tre månader etter køyretøyet vart avskilta. Lurer du på kva for ein trafikkstasjon som oppbevarer skilta dine, ta kontakt med oss.

Permanent avregistrering – vraking

Når køyretøyet blir vraka, blir det permanent avregistrert. Når du vrakar køyretøyet ditt på ein godkjend vrakplass, får du utbetalt vrakpant frå Skatteetaten.

Sist oppdatert: