Sjekk køyretøy
Her kan du søkje på fødselsnummer, D-nummer eller organisasjonsnummer, og sjå køyretøy du eig eller tidlegare har eigd. Du kan óg søkje på andre.
Privatpersonar kan søkje på køyretøya til inntil 15 personar, og verksemder kan søkje på køyretøya til inntil 150 personar per dag. Vi loggar alle søk. Søkjehistorikken blir lagra i eitt år og blir deretter sletta.
Vidarebruk av utleverte opplysningar
Køyretøy- og eigaropplysningar som blir henta mekanisk frå Statens vegvesens nettsider eller innlogga tenester (under dette via nettside‑API, scraping eller automatiserte oppslag) kan ikkje vidareformidlast fritt. Slik bruk kan vere underlagt rettslege avgrensingar, formålsavgrensing og krav om særskild avtale eller heimel.