Alle køyretøy registrerte etter 9. desember 2006, skal ha montert digital fartsskrivar.

Digitale fartsskrivarar består av skrivareining, rørslesensor og leidningen mellom desse. Skrivareininga er den synlege delen og blir plassert nær sjåføren. Den er på storleik med ein bilradio og kan vere integrert i instrumentpanelet. Rørslesensoren er montert på girkassa og registrerer køyre- og kviletid og fart. 

Fartsskrivaren og rørslesensoren kommuniserer med  kvarandre. Dei har mekanismar for å oppdage om sambanda blir brotne, eller om noko blir endra. Skrivareininga og rørslesensoren er sett saman i par, signala mellom dei blir krypterte. Forsøk på å tukle med kablar, eller montering av anna utstyr mellom dei, blir registrert og lagra i skrivareininga.

Mange køyretøy må byte til SMART fartsskrivar versjon 2 (G2V2) i løpet av 2024 og 2025. Det er ulike freistar basert på kva fartsskrivar du har, kva type transport du køyrer og når køyretøyet vart registrert.

Hensikta med digital fartsskrivar

Hensikta med digital fartsskrivar er å sikre at reglane for køyre- og kviletid blir følgde. Då får sjåføren betre arbeidsmiljø, vi aukar trafikktryggleiken og skapar like forhold for konkurranse mellom bedrifta i bransjen.

Bruk av digital fartsskrivar

Fartsskriveren registrerer aktivitetane til køyretøyet, saman med eit fartsskrivarkort. Korta blir brukt for å registrere aktivitetane til sjåføren, arbeid som blir utført på fartsskrivaren og for å kontrollere eller laste ned aktivitetar frå fartsskrivaren. 

Fartsskrivarkortet er personleg, det lagrar og overfører data frå fartsskrivaren.

Data som blir lagra i den digitale fartsskrivaren

Skrivareininga er hjernen i systemet. Den lagrar alle data om mellom anna køyring, kvil, anna arbeid, utførte kontrollar og verkstadsarbeid i omtrent 12 månadar. Den lagrar også informasjon om brot på regelverk, forsøk på å manipulere fartskrivaren, fartsoverskridingar, kalibrering og når data har vorte lasta ned.

Skrivareininga har eit display med beteningsknappar, to plassar for fartsskrivarkort og ein liten skrivar for utskrift av køyre- og kviletidsdata frå anten skrivareininga eller sjåførkortet.

Den interne klokka i skrivareininga bruker Coordinated Universal Time (UTC) eller Greenwich Mean Time (GMT). Data blir registrerte i UTC-tid. Displayet viser lokal tid.

Grafisk fremvisning av hvordan en digital fartsskriver ser ut.
Slik kan en digital fartsskrivar sjå ut. Illustrasjon: Statens vegvesen