For å laste ned og låse data frå fartsskrivar må bedrifta ha eit bedriftskort. Kortet kan bestillast i sjølvbetening eller på ein trafikkstasjon.

Søk om bedriftskort Logg inn Din side

Bedriftskort kan bestillast ved å logge inn på Di side. Bedrifta må ha eit organisasjonsnummer og personen som skal søkje om bedriftskort på vegner av bedrifta, må ha ei tilknyting til bedrifta i Altinn.

Når ein loggar inn på Di side vil det stå om ein har moglegheit til å handle på vegner av seg sjølv eller ei bedrift.

Nytt bedriftskort kostar 370 kroner når du søkjer om det på Di side. Du vil som regel få kortet i posten i løpet av fem til ti vyrkedagar, avhengig av leveringsstad.

Har ein ikkje organisasjonsnummer kan ein fylle ut papirsøknad (PDF, bokmål) (med fødselsnummer i staden for organisasjonsnummer) og levere det på ein trafikkstasjon.

Enkelttenester og tilgangspakker i nye Altinn

For å kunne gjennomgå søknadar må ansvarleg leiar/stedfortredar ha enkeltteneste «Søk og bestill bedriftskort for digital fartsskrivar» eller ei tilgangspakke som inkluderar denne. 

Du som er dagleg leiar, ansvarleg leiar eller annan rolle med «tilgangsstyring» i Altinn kan gi tilsette eller andre fullmakter til å handle på vegner av verksemda.

Søknad på ein trafikkstasjon

Du må bestille time for å søke om eit bedriftskort på en trafikkstasjon.

Skriv gjerne ut søknadsskjema (vedlagt nedst på sida her) og fyll ut i forkant.
Du kan søkje om bedriftskort om det er du som skal stå som eigar/brukar av kortet, eller om du har med underskrift frå dagleg leiar og firmaattest.

Saksbehandlaren kontrollerer om du oppfyller vilkåra som blir kravde for å få det ønskte fartsskrivarkortet.

Kortet kostar 400 kroner på ein trafikkstasjon og må betalast på staden. Du vil som regel få kortet i posten i løpet av fem til ti vyrkedagar, avhengig av leveringsstad.