Du må vise gyldig legitimasjon når du møter på trafikkstasjonen. Her kan du sjå kva for dokument vi godtar som legitimasjon.

All legitimasjon må vere gyldig (ikkje gått ut). Unntak:

Andre krav til legitimasjonen er at han må:

  • vere i original utgåve. Vi godtar ikkje stadfesta kopi av legitimasjon.
  • ha eit oppdatert bilete. Han vil ikkje bli godkjend dersom det er den minste tvil om at det er deg på biletet. 
  • vere tydeleg å lesa. Vi godtar ikkje legitimasjon der skadar eller slitasje gjer det vanskeleg å lesa av informasjonen, eller når legitimasjonen er knekt eller liknande.

Kva for dokument godtar vi som legitimasjon?

Statens vegvesen godtar følgjande legitimasjon:

  • norsk pass (ikkje naudpass)
  • norsk nasjonalt ID-kort – med og utan reiserett
  • norsk førarkort utferda etter 1. januar 1998. Dette gjeld sjølv om førarkortet er gått ut på dato.
  • norsk digitalt førarkort
  • norsk bankkort med bilete og fødselsnummer
  • Forsvarets ID-kort
  • norsk sjøfartsbok
  • norsk reisebevis for flyktningar
  • norsk utlendingspass (ikkje godkjent dersom det er utferda for enkeltreise)

Statens vegvesen godtar følgjande utanlandske legitimasjon:

  • utanlandsk pass (ikkje naudpass)
  • nasjonalt ID-kort frå EU/EØS-land og Sveits
  • reisebevis for flyktningar utstedt i Danmark, Finland, Tyskland, Italia, Nederland, Polen, Portugal, Romania, Spania, Sverige, Sveits eller Storbritannia

Du må kunne oppgi heile fødselsnummeret ditt (11 siffer).

Har du fått tildelt ein annan fødselsdato i Noreg enn datoen du har passet ditt? Ta med dokumentasjon frå Skatteetaten som stadfestar at du har fått tildelt ein fødselsdato som er ulik datoen du har i passet ditt.

Sist oppdatert: