Gyldig legitimasjon
Du må vise gyldig legitimasjon når du møter på trafikkstasjonen. Her kan du sjå kva vi godtar som legitimasjon.
Godkjend norsk legitimasjon
- norsk pass (ikkje nødpass)
- norsk nasjonalt ID-kort – med og utan reiserett
- norsk førarkort utferda etter 1. januar 1998
- norsk digitalt førarkort
- norsk bankkort med bilete og fødselsnummer
- Forsvarets ID-kort
- norsk sjøfartsbok
- norsk reisebevis for flyktningar
- norsk utlendingspass (ikkje godkjent dersom det er utferda for enkeltreise)
Godkjend utanlandsk legitimasjon
- utanlandsk pass (ikkje nødpass)
- nasjonalt ID-kort frå EU/EØS-land, Sveits og Ukraina
- reisebevis for flyktningar utferda i Danmark, Finland, Tyskland, Italia, Nederland, Polen, Portugal, Romania, Spania, Sverige, Sveits eller Storbritannia
- innanrikspass frå Ukraina med autorisert omsetjing til norsk eller engelsk
Du må kunne oppgi heile fødselsnummeret ditt / d-nummer (11 siffer).
Om du har fått tildelt ein annan fødselsdato i Noreg enn den i passet ditt
Då må du ta med dokumentasjon frå Skatteetaten som stadfestar dette.
Om du har eit anna namn enn det som står i passet ditt
Har du til dømes bytt namn, eller har eit mellomnamn i heimlandet ditt som ikkje er i Folkeregisteret? Då må du ta med dokumentasjon frå offentleg styresmakt som stadfestar namneendringa. Dette er typisk frå Skatteetaten, eller ei tilsvarande utanlandsk styresmakt.
Krav til legitimasjonen
Legitimasjonen kan ikkje vere gått ut på dato. Unntaket er norsk førarkort som er utferda i 1998 eller seinare. Dette kan brukast sjølv om det ikkje er gyldig lenger.
I tillegg må
- legitimasjonen vere original. Vi godtar ikkje stadfesta kopi.
- biletet vere oppdatert. Det kan ikkje vere den minste tvil om at det er deg på biletet.
- informasjonen vere tydeleg å lese. Det kan ikke vere knekt, eller ha skadar eller slitasje som gjer det vanskeleg å tyde.