Trafikant i mørkeret er ein del av trafikalt grunnkurs og går føre seg i bil i reelle trafikksituasjonar.

Trafikklæraren køyrer, og du som er elev, er passasjer. 

Trafikant i mørkeret er ein del av trafikalt grunnkurs. Prøva blir gjennomført ved at du: 

  • deltar i demonstrasjonar ute på område med lite eller ingen trafikk
  • er passasjer i ein bil som trafikklæraren køyrer
  • reflekterer over og drøftar erfaringane dine med andre elevar og læraren i eit klasserom

Når kan du øvingskøyre?

Når på året du gjennomfører trafikalt grunnkurs har innverknad på kva tid på året du kan øvingskøyre.

  • I den lyse årstida får du ikkje tatt mørkekøyring (trafikant i mørket) fordi det ikkje er mørkt nok ute. Dersom du tar trafikalt grunnkurs i perioden 16. mars til 31. oktober er beviset gyldig berre i perioden 16. mars til 31. oktober. Du kan øvingskøyre i denne perioden over fleire år om du ønskjer det, men aldri i perioden 1. november til 15. mars.
  • For å kunne øvingskøyre i perioden 1. november til 15. mars må du gjennomføre mørkekøyring. Når du har gjennomført mørkekøyringa, får du tilsendt eit nytt bevis frå Statens vegvesen som gjeld heile året.

Du kan alltid finne det gjeldande øvingskøyringsbeviset på Di side.