Du må søkje om førarkort første gongen du skal ta førarkort, eller når du skal utvide til ein ny klasse. Du søkjer på Di side.

Søk om førarkort Logg inn

Når skal du søkje?

Du kan søkje når som helst i opplæringsløpet. Du må ha søkt om førarkort før du kan bestille time til teoriprøve.

Dersom du tar førarkort for første gong, bør du søkje i god tid. Søknaden set i gang ein vandelskontroll hos politiet som må vere klar før du kan bestille oppkøyring. For førarkortklassar utan oppkøyring må vandelen vere godkjend før du kan bestille teoriprøve.

Vandelskontroll når du søkjer om førarkort for første gong

Ein vandelskontroll vil seie at politiet sjekkar om du har gjort lovbrot som kan påverke retten til å få førarkort. Kontrollen startar når du søkjer, og tar vanlegvis 2–4 veker.

Må du levere helseattest eller synsattest?

Når du søkjer om førarkort, får du beskjed om du må levere helseattest eller synsattest. Då må du sjølv bestille time hos lege, optikar eller augelege.

Dersom du ikkje vil søke digitalt

Du kan velje å søkje om førarkort ved å bruke eit fysisk søknadsskjema. Send det til den lokale trafikkstasjonen din i posten eller lever det sjølv. Du må bestille time dersom du skal på ein trafikkstasjon. 

Slik får du svar på søknaden

Du får svar på Di side og eit varsel på e-post og SMS. Dersom du ikkje har digital postkasse, sender vi stadfestinga til den folkeregistrerte adressa di.

Vegen vidare til førarkortet

Logg inn på Di side for å sjå status på søknadene dine, kva trinn du er på i opplæringa, og kva som står att av obligatoriske kurs og prøver. 

Du må vere fast busett i Noreg

For å få førarkort må du vere folkeregistrert som busett i Noreg. Har du meldt utflytting eller har d-nummer, får du vanlegvis ikkje førarkort. Dersom du likevel meiner at du er fast busett i Noreg, til dømes fordi du studerer i eit anna EØS-land, må du dokumentere dette.