Du kan bruke tenester frå Statens vegvesen på vegner av ei verksemd. Det føreset at du har fått tilgang til tenestene i Altinn.

Frå og med 17. november vil alle gamle Altinn-tilgangar slutte å fungere. Sørg for nødvendig fullmakt før dette, for å sikre vidare tilgang til tenester og post. 

Siste endringar for post 

  • Rollene som går ut er: Post/Arkiv (rolle i gamle Altinn), Utfyller/Innsender (rolle i gamle Altinn) og Vegtransport (tilgangspakke i nye Altinn). 
  • Tilgangspakka «Ordinær post til verksemda» gir fullmakt til å lese alle typar brev frå Statens vegvesen, inkludert post frå fleire andre etatar. 

Det finst fleire enkelttenester for å gi fullmakt til å lese brev frå Statens vegvesen.  

  • Brev frå Statens vegvesen tryggingsnivå  2 
  • Brev frå Statens vegvesen tryggingsnivå  3 
  • Brev frå Statens vegvesen tryggingsnivå  4 
  • Lese post frå SvarUt  

Siste endringar for Maskinporten 

I Altinn kan verksemder delegere/gi tilgang til scopes dei sjølve har tilgang til via Maskinporten, til leverandørar dei vel å dele data med. 

For at ein tilsett skal kunne utføre dette, har det i gamle Altinn vore nødvendig å ha fullmakta/rolla «Programmeringsgrensesnitt (API)». Denne rolla vil no forsvinne og bli erstatta av den nye tilgangspakka «Delegerbare Maskinporten scopes». 

Den tilsette treng både tilgangspakka «Maskinporten-administrator» og tilgangspakken «Delegerbare Maskinporten scopes» for å gi/delegere tilgang til leverandør. 

Gi eller få tilgangar 

Verksemda må sjølv administrera og halde fullmakter ved like i Altinn til tilsette som skal ha fullmakter. Statens vegvesen kan ikkje endre fullmakter som ligg i Altinn-systemet eller hente ut lister over dei. 

For leiarar – gi fullmakt

Du som er dagleg leiar, styreleiar eller har ei anna rolle med «tilgangsstyring» i Altinn kan gi tilsette eller andre fullmakter til å handle på vegner av verksemda.

Sjå steg-for-steg rettleiingar hos Altinn for korleis du gir fullmakt til tilgangspakkar eller enkelttenesterAnsatte som allereie har ei enkeltteneste eller tilgangspakke kan oppretta førespurnad om nye enkelttenester. Nokon med «tilgangsstyring» i verksemda må godkjenne førespurnaden.  

Les meir om korleis tilsette kan opprette førespurnad, og korleis førespurnader kan godkjennast hos Altinn.

Verksemder med fleire organisasjonsnummer

Ei verksemd med undereiningar har fleire organisasjonsnummer. Ver merksam på at dersom du gir fullmakt til hovudeininga, vil fullmakta også gjelde for alle undereiningane.

For tilsette – få fullmakt

Om du har minst ei fullmakt på vegne av verksemda frå tidlegare, kan du opprette ein førespurnad i Altinn om nye enkelttenester hos verksemda. Det er dagleg leiar, styreleiar eller andre med «tilgangsstyring» i Altinn som må godkjenne førespurnaden din.

 Sjå steg-for-steg rettleiing hos Altinn om korleis du ber om enkelttenester

Enkelttenester og tilgangspakkar

Nye Altinn har tilgangspakker som gir den tilsette fleire enkelttenester samla. Fleire av tenestene er knytte til Statens vegvesen.

Ver merksam på at når du gir fullmakt til ei tilgangspakke, vil brukaren også få tilgang til tenester som blir lagde til i pakka i framtida. Derfor er det viktig å vurdere når du bør gi fullmakt til tilgangspakker, og når enkelttenester er mest føremålstenleg. 

  • «Køyretøy»
  • «Trafikant»
  • «Vegtransport»
  • «Førstegongsregistrering»
  • «Omregistrering»
  • «Tenester NUF»

Les meir om å gi eller få tilgang til enkelttenester eller tilgangspakker 

Enkelttenester utan tilgangspakke 

Enkelttenester som ikkje er ein del av ei tilgangspakke

Tenestenavn Rolle frå einingssregisteret
Sjå avtaleinformasjon på vegne av verksamda Dagleg leiar, Styreleiar, Innehavar, Deltakar fullt ansvar, Deltakar delt ansvar, Komplementar, Styrande reier, Bustyrar, Rekneskapsførar med signeringsrett, Rekneskapsførar utan signeringsrett
Signere avtalar på vegne av verksamda Dagleg leiar, Styreleiar, Innehavar, Deltakar fullt ansvar, Deltakar delt ansvar, Komplementar, Styrende reiar, Bustyrar, Rekneskapsførar med signeringsrett
Trafikkulukke data - analytiker Dagleg leiar
Trafikkulukke data - rapporterar Dagleg leiar
Kontroll og godkjenning av bruer Dagleg leiar

Fullmakt til å lese post frå Statens vegvesen

Det finst fleire enkelttenester for å gi fullmakt til å lese brev frå Statens vegvesen. 

  • Brev frå Statens vegvesen sikkerheitsnivå 2
  • Brev frå Statens vegvesen sikkerheitsnivå 3
  • Brev frå Statens vegvesen sikkerheitsnivå 4
  • Lese post frå SvarUt

Kva for ei enkeltteneste som må givast, kjem mellom anna an på av om brevet inneheld  informasjon som er omfatta av teieplikt. 

Om vegvesen.no