Dersom sjåførkortet er tapt, stole eller defekt må du melde dette på ein trafikkstasjon.

Når sjåførkortet anten er tapt, stole eller defekt må du fylle ut ein søknad om sjåførkort (erstatningskort og årsak for dette). Du må levere den utfylte søknaden om sjåførkort på ein trafikkstasjon innan 7 dagar. 

Du må ta utskrifter fra fartsskriveren ved dagens start og slutt, notere navn og fører-/sjåførkortnummer på utskriftene og signere dei. 

Dersom du ikkje kan vise gyldig sjåførkort grunna tap eller stole kort, har du lov til å køyre utan kort i inntil 15 kalenderdagar, eller i eit lengre tidsrom dersom det er nødvendig for at køyretøyet kan køyrast tilbake til staden der den har base. 

Du må ta med defekt/skada kort under køyring inntil du har levert inn kortet. Etter at kortet er erstatta må du kunne dokumentere køyringa, derfor må du ha med manuelle utskrifter i køyretøyet i tilfelle kontroll. Du som sjåfør må overlevere utskrifta til arbeidsgivar etter det har gått 56 dagar. 

Tapt sjåførkort i utlandet

Har du mista eller fått kortet stole i utlandet må du melde det tapt i det landet det vart borte. Du må også bestille time på ein trafikkstasjon for å kunne bestille eit erstatningskort, dette kan du gjere når du er tilbake i Noreg.