Du kan søkje Statens vegvesen om å få godkjenning dersom du har fagleg kompetanse til å drive ei drosjeverksemd frå eit anna EØS-land eller Sveits.

For at vi skal kunne godkjenne kompetansen din, må vi vurdere at du oppfyller krava til fagleg kompetanse som er fastsette i yrkestransportforskrifta § 8, og som er nærare utdjupa i temalista for løyveeksamen for drosje.

Fagkompetansekravet skal sikre at løyvehavaren har tilstrekkeleg kunnskap til å tilby ein viss minstestandard på tenestene og til å drive drosjeverksemd i tråd med gjeldande regulering i Noreg. Ikkje minst er det viktig med kunnskap om gjeldande reglar knytte til arbeidsgivaransvar, skattar og avgifter og forbrukarrettar. Krava er derfor i stor grad knytte til norsk regelverk. Dette gjer det utfordrande å tileigne seg tilsvarande kompetanse i andre EØS-land.  

Dersom du vurderer at du oppfyller krava til fagleg kompetanse, kan du søkje om å få denne kompetansen godkjend i Noreg.

Du sender søknad med dokumentasjon på kompetanse i form av vitnemål eller kompetansebevis utferda av offentleg myndigheit i eit anna EØS-land eller Sveits til:

Statens vegvesen
Postboks 1010 Nordre Ål
2605 Lillehammer

Vi ber om at du merker søknaden din «Søknad om godkjenning av fagleg kompetanse for drosjeløyve frå andre EØS-land».

Krav til språk eller omsetting av dokumentasjon

Vi godtar berre dokumentasjon på engelsk, norsk, svensk eller dansk. Dokument utferda på andre språk enn desse må omsetjast til norsk eller engelsk. 

Det må kome fram av dokumenta kven som har omsett dei. Dersom dei innsende omsetjingane ikkje er gode nok, kan vi kome til å be om ny omsetjing.

Du vil drive eit drosjeselskap