Har eg tilstrekkeleg fagleg kompetanse?
Når du søkjer om løyve, må du leggje ved dokumentasjon på utdanning.
Dersom transportleiar ikkje allereie har bestått løyveeksamen for gods- og turvogn eller administrera aktive løyver i samme kategori, må føretaket søke om fagleg godkjenning av transportleiar. Dette må vere på plass før de kan søke om felleskapsløyve.
Har du bestått løyveeksamen ved trafikkstasjon etter 01.01.2018?
Bestått løyveeksamen for gods- og persontransport hjå Statens vegvesen er registrert i våre system, og vi treng ingen ytterlegare dokumentasjon.
Har du gjennomført utdanning før 01.01.2018?
Utdanning må dokumenterast. Gyldig dokumentasjon er kopi av vitnemål.
Kva fagleg kompetanse er godkjend?
Regelverket for godkjende utdanninger finn du i rundskriva i lenkene under.
Fagleg godkjenning av transportleiar
De må søke om fagleg godkjenning av transportleiar (bokmål, PDF)