Du søkjer om transportløyve ved å sende søknad til oss. Det gjer du også når du søkjer om fleire løyve.

Søk om transportløyve Logg inn med BankID

Oppgi korrekt adresse i Brønnøysundregistrene

Løyver blir sendt til den postadressa som er registrert i Brønnøysundregistrene. Dersom postadressa ikkje er registrert blir det sendt til forretningsadressa. Føretaket er sjølv ansvarlege for at alt som står i Brønnøysundregistrene stemmer. 

Før du søker

All dokumentasjon som du skal laste opp i søknaden må du ha klart på førehand. 

Søknaden blir ikkje lagra, så du kan ikkje komme tilbake å fylle ut eller laste opp dokument på eit seinare tidspunkt. 

Løyvegaranti

Dette må vere motteke og behandla av Statens vegvesen før du kan søke.

Vilkår for transportleiar

Dersom transportleiar ikkje allereie har bestått løyveeksamen for gods- og turvogn eller administrerer aktive løyver i same katogori, må føretaket søke om fagleg godkjenning av transportleiar. Dette må vere på plass før de kan søke om felleskapsløyve. 

Attestar og dokumentasjon

Attestane kan ikkje vere eldre enn 3 månadar på søknadstidpunktet.

Politiattest 

Det er nødvendig med politiattestar for føretaket (både ENK og AS), dagleg leiar, transportleiar og styreleiar. Du kan søke om politiattestar på Politiet si eige nettside. (politiet.no) Der kan du også lese meir om kva politiattesten inneheld av informasjon. Du må laste opp politiattesten i søknaden. 

Dersom føretaket har nokon merknadar, skal dom også lastast opp. 

Skatteattest 

Du kan bestille skatteattest for verksamda på Skatteetaten sine eigne sider. (skatteetaten.no)

Dersom attest for skatt og merverdiavgift viser at føretaket har forfalle, men ikkje betalte restansar, må kopi av eventuell nedbetalingsplan med Skatteetaten sendast inn. 

Tilknyting til føretaket

Dokumentasjon for transportleiar si tilknyting til føretaket er nødvendig, dersom vedkommande ikkje er registrert i Brønnøysundregistrene eller Aa-registeret knytt til føretaket. Dokumentasjon kan for eksempel vere kopi av arbeidskontrakt. 

Logg inn på Di side

Følg stega og last opp attestar og dokumentasjon på rett stad. 

 Forventa saksbehandlingstid 2-4 veker.  

Betaling

Vi oppfordra alle føretak til å ta i bruk EHF for fakturering for å spare tid, då dette er ein effektiv måte å motta faktura på. 

Opplev du problem med innlogging eller skjema?

Dersom du opplev problem med løysinga kan du laste ned skjema og sende det inn til oss. Vi anbefala å sende dokumentasjonen pr. post, då innhaldet i e-post blir sendt ukryptert til Statens vegvesen. Dersom du likevell vel å sende pr. e-post, skal det sendast til denne adressa: 

Spørsmål om gods- og turvognløyver?