Skal du snart skrive bachelor- eller masteroppgåve? Innanfor fagområda til Statens vegvesen kan du finne mange eigna oppgåvetema.

Planlegg du å skrive oppgåve innanfor eit fag som er interessant for veg- og transportsektoren, kan vi bidra med økonomisk støtte og rettleiing.

Den økonomiske støtta til bacheloroppgåve er på 7500 kroner og for masteroppgåve er den 15 000 kroner.

Bruk oppgåvebanken

Du finn forslag til problemstillingar og kontaktinformasjon til kontaktpersonane våre på Konnekt sine nettsider. Vi oppdaterer oppgåvebanken årleg kvar september, og då kan du finne nye tema å velja blant.

Finn du ikkje rett tema?

Har du lyst til å skriva oppgåve om eit tema som ikkje er ført opp i oppgåvebanken? Be faglæraren din om å setja deg i kontakt med fagpersonar i Statens vegvesen, så vil me vurdera om me kan samarbeida om oppgåva.

Først avtale, så oppgåve

For å få støtte til oppgåva di må du først inngå ein avtale om oppgåvesamarbeid med Statens vegvesen. Dette vil rettleiaren din i Statens vegvesen hjelpe deg med. Tema for oppgåva og kven som er rettleiarane dine skal vera definert i avtalen.