For deg som bruker vegvesen.no i jobb
Vi vil gjerne høyre frå dykk som bruker vegvesen.no i jobbsamanheng, slik at vi kan forbetre nettsidene. Svar på denne korte spørjeundersøkinga (3 minutt, Questback – blir opna i ny fane).
Skilt og reklame langs veg
Du må søkje om løyve frå Statens vegvesen for å setje opp reklame langs ein riksveg. For reklame langs fylkesvegar må du søkje fylkeskommunen.
Det er ikkje lov å setje opp reklame langs offentlig veg utan løyve. Utan løyve er det heller ikkje lov å setje opp reklame eller andre innretningar i vegskråingar og grøfter eller på til dømes vegbanen, fortau, gang- og sykkelvegar, rabattar, rasteplassar, gangbruer, skiltutstyr og ulike veginstallasjonar.
Finn søknadsskjema
Vil du feste reklame for ei verksemd på bygningen der veksemda blir driven, og reklamen berre viser firmanamnet eller typen verksemd, treng du ikkje løyve frå Statens vegvesen.