Kva er DATEX?
DATEX er ein europeisk standard for utveksling av trafikkinformasjon mellom ulike aktørar og baserer seg på XML-meldingar.
DATEX står for «DATa EXchange between traffic and travel information centres».
Vi tilbyr for augeblinken informasjon om vêr, reisetider, kamerabilete og trafikkmeldingar på både DATEX II versjon 2.3- og versjon 3.1-format. Tenesta er gratis å bruke.
Versjon 3.1 er nå tilgjengeleg. Lenker til publikasjonar frå versjon 2.3 vil fungere inntil vidare.
Kven kan bruke DATEX?
DATEX-tenesta er tilgjengeleg for media, ulike tilbydarar av trafikkinformasjon og andre aktørar som er interesserte i å nytte informasjon frå Statens vegvesen i sine eigne tenester. Bruken er regulert av norsk lisens for offentlege data .
Har du innspel?
Send oss gjerne tilbakemeldingar eller forslag til forbetring av DATEX-tenesta på e-post.