Feil i ID-porten kan gjere at du ikkje får logga inn på Di side og andre tenester. Prøv igjen seinare. Vi beklagar ulempene!

Namna Biltilsynet og Bilsakkunnige blir ikkje lenger nytta om noka verksemd i Statens vegvesen.

Bilsakkunnige

Bilsakkunnige vart oppretta fordi myndigheitene innsåg behovet for å styrkje bilkontroll og førarkvalitet, og for å hjelpe Politiet med etterforsking av trafikkulykker. Bilsakkunnige vart overført frå politimyndigheitene til vegdirektøren i 1928.

Biltilsynet

Bilsakkunnige var opphavleg organisert gjennom Vegdirektoratet, og vart lagt inn under Statens vegvesen i 1977 og samtidig omdøpt til Biltilsynet. 

I 1995 vart ansvaret for drifta av vegnettet organisatorisk slått saman med Biltilsynet sine tenester og andre trafikkfunksjonar i ei ny trafikkavdeling. Etter dette vart både ”Driftsavdelinga” og ”Biltilsynet” borte som namn på einingar i Statens vegvesen. Utestasjonane fekk samtidig nemninga trafikkstasjonar.