Bilsakkunnige og Biltilsynet
Namna Biltilsynet og Bilsakkunnige blir ikkje lenger nytta om noka verksemd i Statens vegvesen.
Bilsakkunnige
Bilsakkunnige vart oppretta fordi myndigheitene innsåg behovet for å styrkje bilkontroll og førarkvalitet, og for å hjelpe Politiet med etterforsking av trafikkulykker. Bilsakkunnige vart overført frå politimyndigheitene til vegdirektøren i 1928.
Biltilsynet
Bilsakkunnige var opphavleg organisert gjennom Vegdirektoratet, og vart lagt inn under Statens vegvesen i 1977 og samtidig omdøpt til Biltilsynet.
I 1995 vart ansvaret for drifta av vegnettet organisatorisk slått saman med Biltilsynet sine tenester og andre trafikkfunksjonar i ei ny trafikkavdeling. Etter dette vart både ”Driftsavdelinga” og ”Biltilsynet” borte som namn på einingar i Statens vegvesen. Utestasjonane fekk samtidig nemninga trafikkstasjonar.