Heile Noreg fram – i dag og i framtida
Statens vegvesen arbeider for å skape eit smart og samanhengande transportsystem på veg for heile Noreg.
Det skal vere enkelt og trygt å reise og transportere varer – på trygge vegar tilpassa framtidas behov.
I åra som kjem, vil talet på reiser og trafikantar i Noreg auke. Fleire vil gå, sykle, køyre bil eller reise kollektivt. Kort sagt, vi blir fleire som skal dele vegen. Det betyr at transporten i framtida må bli meir effektiv, ta mindre plass og forureine og støy mindre. Statens vegvesen si oppgåve er å utvikle smarte løysingar som tar vare på dette best mogleg – utan å avgrense din og min fridom til å reise, eller moglegheitene til å transportere varer.
I denne framtida blir digitale løysingar endå viktigare. Ny teknologi vil nemleg hjelpe oss med å gjere kvardagen din enklare, tryggare og grønare. Det handlar til dømes om sjølvbeteningsløysingar som gjer at du kan sjekke trafikken, ha førarkortet i ein app eller selje bilen din frå mobilen. Det handlar òg om teknologi der bilen og vegen kan «snakke direkte saman», og som kan gi betre tryggleik og flyt i trafikken. Og det handlar om deling av veg- og transportdata slik at andre kan utvikle pålitelege transporttenester som møter behova du har som trafikant og gjer det lett å velje miljøvenlege reisemåtar.
Trygge trafikantar og sikre køyretøy
Ingen skal bli drepne eller hardt skadde på norske vegar. Derfor set vi høge krav til føraropplæringa og fører tilsyn med verkstader og trafikkskular. Og derfor prøver vi å luke bort farlege køyretøy og sjåførar gjennom kontrollar langs vegane. Ved alvorlege ulykker analyserer vi hendinga og dei medverkande årsakene, slik at vi kan lære og hindre nye farlege situasjonar.
Statens vegvesen har eit nasjonalt ansvar for beredskap på vegane her i landet. Vegtrafikksentralane våre held eit vakent auge med kva som rører seg langs vegane. Slik kan vi døgnet rundt gi deg informasjon om trafikken og hendingar og raskt setje inn tiltak der det trengst.
Vi tar ansvar for heilskapen
Ei reise i Noreg tar oss gjerne ut på både kommunale, fylkeskommunale og statlege vegar. Statens vegvesen har ansvaret for å utvikle tydelege regelverk og standardar for smart transport og moderne vegbygging som gjeld for alle vegar. Slik bidrar vi til å gi deg eit heilskapleg, enkelt og trygt transportsystem, uavhengig av kven som eig eller driv vegen.
Vi tar vare på hovudpulsåra i landet
Med to tredjedelar av trafikken, utgjer riks- og europavegane hovudpulsåra i transportsystemet. Desse vegane knyter landet vårt saman, og er avgjerande for at Noreg skal fungere. Vi gir faglege råd til politikarane om kva riks- og hovudvegar som bør takast vare på eller byggjast nye, og vi planlegg, byggjer og tar vare på dei vegane som politikarane har bestemt og gitt oss ansvaret for. Saman med dei dyktige rådgjevarane og entreprenørane våre, utviklar vi smarte og trygge transportløysingar for deg – uansett om du går, syklar, køyrer eller reiser kollektivt.
Slik får Statens vegvesen heile Noreg fram – i dag og i framtida.