Samfunnsoppdraget vårt
Eit effektivt, miljøvennleg og trygt transportsystem er ein berebjelke i samfunnet og ein føresetnad for verdiskaping og velferd. Dette er vårt ansvar – samfunnsoppdraget vårt. Strategien du no les, viser retninga vår og prioriteringane våre for å løyse oppdraget på best mogleg måte. Han gjev oss ein felles raud tråd og eit rammeverk som gjer det enklare å samarbeide på tvers og ta gode avgjerder.
Vi skal vere tett på kundane sine forventningar og utvikle tenestene våre ut frå behova deira. Slik kan vi halde fram med å levere løysingar som bidreg til eit tryggare, meir effektivt og meir berekraftig transportsystem.