Du kan bruke tenester frå Statens vegvesen på Di side på vegner av ei verksemd. Dette føreset at du har fått tilgang til tenestene i Altinn.

I Altinn kan du sjå alle tenester og skjema frå Statens vegvesen som det er mogleg å få tilgang til.

Slik får du tilgang til ei teneste

For å bruke ei teneste på vegner av ei verksemd må du ha tilgang til tenesta. Du får tilgang eller rolle av ein person i verksemda som sjølv har den rolla som heiter Tilgangsstyring.

Du kan få direkte tilgang til tenesta, eller du kan få ei rolle som gir deg tilgangen.

Kva er ei rolle?

Ei rolle kan innehalde tilgangar til fleire tenester. Alle roller har eit namn.

Ein person med rolla Tilgangsstyring kan opprette nye roller.

Rolla Samferdsel

Ein person med rolla Samferdsel kan gi ein brukar tilgang til å bruke dei fleste tenestene Statens vegvesen tilbyr. Dette gjeld òg tenester som kjem i framtida. Vi tilrår å berre gi denne rolla til tilsette som treng tilgang til alle tenestene våre.

Rolla Post/arkiv

Ein person med rolla Post/arkiv kan lese digital post til verksemda.

Rolla Tilgangsstyring

Ein person med rolla Tilgangsstyring kan blant anna

  • gi andre brukarar tilgang til verksemda sine tenester
  • opprette nye roller
  • samle rettar til fleire tenester i éi rolle

Les meir om roller

Du finn meir informasjon om roller og rettar i Altinn.

Logg inn på Di side via ID-porten

ID-porten er ei felles innloggingsløysing til offentlege tenester på internett. Når du har fått tilgang til ei teneste, loggar du inn på Di side for å bruke tenesta. Du loggar inn via ID-porten.

For enkelte tenester er det ikkje nok å ha tilgang

Før du kan bruke tenestene under, må fleire ting enn tilgang vere på plass:

Ved søknad om godkjenning som verkstad eller kontrollorgan

Når du bruker tenesta til å sende inn ein søknad, sender Statens vegvesen ei stadfesting som kan lesast i innboksen til bedrifta i Altinn og på Di side. For å sjå meldinga må du ha tilgang til å lese digital post for bedrifta.

HC-registeret

For å få tilgang til HC-registeret må du vere registrert som saksbehandlar i Altinn for kommunen din.

Parkeringsregisteret

Før du kan registrere parkeringsområde i Parkeringsregisteret, må verksemda di vere registrert som parkeringstilbydar i Altinn.