Du loggar inn på Di side via ID-porten med BankID på mobil, BankID, Buypass eller Commfides for å få tilgang til tenestene våre.

ID-porten er ei felles innloggingsløysing til offentlege tenester. Med elektronisk ID stadfester du på ein trygg og sikker måte kven du er når du bruker offentlege tenester på internett.

Du kan ikkje logge inn på Di side med MinID

På Di side er det informasjon og tenester som krev høgaste tryggingsnivå. Du kan derfor ikkje bruke MinID for å logge inn.

Slik får du elektronisk ID

Om du ikkje har elektronisk ID, kan du lese meir om korleis du bestiller dette, hos Norge.no.

Brukarstøtte

Problem med å bruke elektronisk ID

Dersom du har problem med din elektroniske ID må du ta kontakt med dei som er ansvarlege for den løysinga du har.

For BankID og BankID på mobil er dette banken din. For dei andre løysingane finn du kontaktinformasjon hos Digdir (på difi.no).

Spørsmål om bruk av tenestene på Di side

Kontakt oss dersom du har tekniske spørsmål om bruk av sjølvbeteningsløysingane.

Feil i opplysningane om køyretøya dine

Kontakt oss dersom du meiner det er feil i opplysningane om køyretøya dine.